Hopp til innhold

Utspel vekker oppsikt – no blir England-sjefen latterleggjort

Presset på Gareth Southgate aukar. No blir han skulda for å «stå med skjegget i postkassa» etter oppsiktsvekkande eksperimentering.

ZOKFsoCpFpY

blir LATTERLEGGJORD: Gareth Southgate har blitt ein hoggestabbe etter Englands spelemessige lite imponerande EM-opning.

Foto: Montasje/Skjermdump X / AP

Etter dei to første EM-kampane, kor det har blitt siger mot Serbia (1-0) og uavgjort mot Danmark (1-1), haglar kritikken mot den engelske landslagssjefen.

Det trass i at England har halvanna bein i sluttrunden allereie.

«England toppar gruppa, men det var eit slit å sjå på» skriv Daily Star på framsida sin fredag.

«England, det er vanskeleg å sjå på» skriv Daily Mirror.

Kritikken går først og fremst ut på to ting: England speler kjedeleg og urytmisk fotball – og Gareth Southgate slit med å få dei største stjernene til å fungere.

eNGELSKE AVISER

FÅR GJENNOMGÅ: Dei engelske avisene vier naturleg nok mykje spalteplass til EM i desse dagar.

Foto: Faksimile Daily Star og Daily Mirror 21.06.2024

Blir latterleggjort

No er presset på han mildt sagt i ferd med å auke.

På sosiale medium verkar det å gå sport i å gjere mest mogleg narr av den engelske landslagssjefen.

Dei fire bilda du kan sjå i bildesveipen under, har i skrivande stund over 9 millionar visningar på X og nesten 200.000 likerklikk sidan dei blei lagt ut torsdag kveld.

s
ss
ss
ss

– Det trur eg han lever veldig fint med. Det står i stillingsskildringa når du tar over den jobben som engelsk landslagssjef, at her er det berre å stålsette seg for alt som er av framsider og latterleggjering. Det er nok hans minste bekymring. Hans største bekymring er korleis han skal få det engelske laget til å flyte litt igjen, seier NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.

Og legg til:

– Akkurat no er dei lysår unna å bli europameistrar.

Krass kritikk

For også ekspertkorpset i England er langt frå imponert av det Gareth Southgate og laget hans presterer så langt i EM.

Tidlegare superspiss Alan Shearer er nådelaus i sin dom over det England viste mot Danmark, skriv BBC:

– Dette var veldig dårleg, og ikkje godt nok. Eg vil ikkje seie at det er mangel på innsats eller at dei ikkje prøver, men desse spelarane har så mykje meir å komme med. Gareth får ikkje det beste ut av dei beste spelarane akkurat no, meiner Shearer.

Football: UEFA Euro 2024 - 1st round day 2: Group C Denmark v England

UNDER PRESS: Gareth Southgate begynner å få det heitt rundt øyra.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Éin ting er at enkeltspelarane og dei store stjernene har slite med å sette eit skikkeleg preg på England, fleire meiner også at laget speler dørgande kjedeleg fotball under Southgate.

Jonathan Liew i The Guardian sa det fint etter kampen mot Danmark:

«Dette var ei framsyning som faktisk var for dårleg til å vera kjedeleg».

The Sun

ORDSPEL: Engelske aviser har alltid vore glad i å leike med ord. Men denne framsida må seiast å vere hakka meir positiv enn det tidlegare The Sun-framsider har vore under meisterskap der England ikkje har levd heilt opp til forventningane.

Foto: Faksimile The Sun

Barney Ronay i same avis meiner det mest openberre problemet England har hatt, er ein fullstendig mangel på midtbane. I EM har Southgate eksperimentert med å sette høgreback Trent Alexander-Arnold i ei midtbanerolle – utan stort hell foreløpig.

Uttale går viralt

Derfor var det mange som rynka på nasen da England-sjefen gjorde sitt TV-intervju etter Danmark-kampen og blei spurd om midtbanesituasjonen.

– Det er eit eksperiment. Vi veit at vi ikkje har ein naturleg erstattar for Kalvin Phillips, men me prøver ulike ting, sa Southgate.

Utsegna har for lengst gått viralt.

– Det verkar som at Southgate i det lengste har håpa at Phillips' overgang til West Ham skulle løyse alt. At det plutseleg skulle sørge for at han blomstra igjen og fann tilbake til seg sjølv, og at han og Declan Rice kunne spele saman i EM. Men så har ikkje det skjedd. Då står du litt med skjegget i postkassa, meiner Løkberg.

Football: UEFA Euro 2024 - 1st round day 2: Group C Denmark v England

Situasjonen overrasket Danmark-stjerna: – Det har jeg aldri sett før

Southgate innrømmer at han har prøvd å finne ei løysing på midtbanen «dei siste sju eller åtte åra», som han ordlegg seg.

– Om me ikkje hadde hatt Declan Rice, veit eg ikkje kor vi hadde vore. Dessverre var ikkje Kalvin (Phillips) mogleg å ha med i denne turneringa og det same med Hendo (Jordan Henderson). Me prøver noko anna, og noko av det har fungert, og noko har ikkje fungert så bra, seier han.

Southgate: – Mitt ansvar

Southgate er klar på at nivået må opp om ikkje EM skal bli ein nedtur for laget som var tapande finalist i sist europameisterskap.

– Me veit at nivået må vera høgare, Me veit at nivået kan vera høgare. Akkurat no snublar me. Til sjuande og sist er det mitt ansvar. For å oppnå ekstraordinære ting, må du gå gjennom nokre vanskelege stunder. I dag var det utvilsamt ein vanskeleg augeblink, sa Southgate ifølge The Times.

Ny EM-teknologi

Tar eit oppgjer med EM-oppfinning: – Så dumt som det kan bli

Kristoffer Løkberg har sjølv vore i Tyskland og sett England på nært hald frå tribuneplass.

NRK-eksperten og eliteseriespelaren lèt seg ikkje imponere så langt.

– For meg så verkar det som om Southgate prøver å bruke dei elleve beste spelarane, men det er ikkje det som utgjer den potensielt beste ellevaren. Det er ikkje eit lag som har gått ut på banen i dei to første kampane, og som har sett ut som eit lag med komplementære ferdigheiter. Akkurat no er det ein gjeng med veldig gode fotballspelarar utpå der, men som ikkje er spesielt gode saman, meiner Løkberg.

Løkberg

IKKJE IMPONERT: NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.

Foto: NTB

«Go big or go home»

Han meiner England-sjefen er tvinga til å ta drastiske grep om EM skal utvikle seg i rett retning og bli ein suksess for nasjonen som ikkje har vunne eit stort trofé sidan VM i 1966.

– No er det på tide for Southgate å «go big or go home». Han må berre ta sjansen no, enten på Adam Wharton eller Kobbie Mainoo. Éin av dei to ved sida av Declan Rice, så får Jude Bellingham ein litt friare rolle. Og så får det bere eller breste, er Løkberg sitt råd.

Fleire kritiserer også Gareth Southgate for uttaka han har gjort, både i dei to kampane, kor for eksempel den store formspelaren Cole Palmer ikkje har fått slept til, men også i uttaket av sjølve EM-troppen.

Store namn som Jack Grealish og Marcus Rashford blei ikkje funnen gode nok til å vera med.

Rashfords bror med stikk

Etter 1-1-kampen mot Danmark klarte ikkje Rashfords bror og agent Dwaine Maynard å dy seg.

«Det er tøft å sitte og sjå på dette når du heilt ærleg trur at mannen din kunne utgjort ein forskjell» skreiv han på X – med openberr kritikk av vrakinga til broren.

Skjermdump Instagram

LA UT DETTE: Rashfords bror og agent Dwaine Maynard visste nok kva han gjorde da han publiserte dette bildet.

Foto: Skjermdump Instagram / 21.06.2024

Kristoffer Løkberg er klar på at det er mykje som må rettast på for dei tre løvene.

Men NRK-eksperten trekker i det minste fram eitt stort lyspunkt for England så langt.

– Det må vera Marc Guéhi, som har gjort ein veldig god figur på midtstopparplass, kor mange har stilt spørsmålet om korleis det skulle komponerast. Han har komme veldig godt ut av det, men eg trur nok han også skulle ønske ein venstrebeint back ved sida av seg. Det skaper trøbbel, det òg, å spele med Kieran Trippier der. Det einaste han kan gjere er å ta med seg ballen innover og dei får ikkje den naturlege rytmen i spelet derfrå, meiner han.

Les også Program og TV-oversikt for fotball-EM i Tyskland

Bildekollasj til fotball-EM. Harry Kane, Christiano Ronaldo og Virgil van Dijk

Fotballekspert Kasper Wikestad maner engelskmennene til å ha is i magen.

– Dei har på ingen måte imponert til no, men dei har fire poeng trass alt. Det skal veldig mykje til for at dei ryk ut. Vi har også tidlegare sett veldig mange lag som imponerte tidleg og rauk ut tidleg. Og så har me sett lag som har vore dårlege i starten, men vunne. Portugal 2016 vann sin første kamp i semifinalen, påpeikar Wikestad.

Englands neste kamp blir spelt tysdag 25. juni mot Slovenia.