Hopp til innhold

Tar eit oppgjer med EM-oppfinning: – Så dumt som det kan bli

Denne veka fekk ei heil fotballverd sjå Uefas nye ballteknologi på nært hald. Tilbakemeldingane er mildt sagt delte.

Ny EM-teknologi

OMDISKUTERT: Denne sensormålinga annullerte Belgias skåring. Nå skaper den teknologien debatt.

Foto: Skjermdump / NRK

Fem minutt før slutt i EM-kampen mellom Belgia og Slovakia denne veka, blei TV-sjåarane introduserte for ei nyvinning i internasjonal fotball.

«Alle» trudde Romelu Lukaku hadde utlikna for belgiarane i det 85. minuttet, men målet blei overraskande annullert for ein svært marginal hands i oppbygningen av angrepet.

Sjå annulleringa her:

Det gikk ikke veien for Belgia under kampen mot Slovakia.

Verken assistentdommarane eller hovuddommar såg handsen. Den var også vanskeleg å oppdage på dei første TV-reprisane.

Men takka vere ein lydteknologisk sensor, som er plassert på innsida av EM-ballen «Fussballiebe», fekk dommaren dokumentasjon på at Belgias Loïs Openda var borti ballen med handa da han vann duellen i forkant av den målgivande pasningen.

OJDFE7iXHb8

EM-BALLEN: Den har fått namnet Fussballiebe, som kan omsettast til fotballkjærleik.

Foto: AP

Dermed blei Belgias utlikningsmål annullert på dramatisk vis.

– Eg blei sjokkert

Fussballiebe er ein såkalla «smartball» som sender signal til VAR-dommaren i kvar kamp, og målet er ifølge Uefa å korte ned ventetida før avgjerder blir tatte i VAR-rommet og «oppdage meir enn auget kan sjå».

Hva synes du om den nye ballsensoren i EM?

Men ikkje alle er imponerte.

– Det er utruleg at noko sånt kan bli avblåst. Det gjekk nesten ti sekund (frå handsen) til Lukaku skåra ... Eg blei sjokkert, seier Lillestrøm-kaptein Gjermund Åsen til NRK.

Det tok cirka seks sekund frå handsen til ballen kryssa mållinja, viser NRKs uhøytidige måling.

– Trudde eg så på eit komedieshow

På Åråsen har dei lenge hatt eit offisielt standpunkt mot VAR. LSKs årsmøte bestemte nyleg at klubben skal jobbe for å avvikle VAR i norsk fotball.

Åsen kan lett stille seg bak den haldninga, og særleg den nye teknologien som oppdaga handsen får gjennomgå av trønderen.

– Eg trudde eg såg på eit komedieshow, da eg såg den pulsmålaren. Det er så dumt som det kan bli. Det er sånn du ser på sjukehuset når folk døyr i filmar og sånn. Plutseleg ser du det i EM 2024, sukkar Åsen.

Andreas Georgson og Gjermund Åsen

KRITISKE: Andreas Georgson og Gjermund Åsen har ikkje veldig sans for den nye VAR-nyvinninga.

Foto: Carina Johansen / NTB

Den såkalla «Connected Ball-teknologien» blei innført før VM i Qatar, men den gongen utan at TV-sjåarane fekk sjå sensoren i sving på skjermen.

Da Cristiano Ronaldo hevda han hadde ramma ballen med hovudet og skåra mot Uruguay, kunne Adidas-sensorane avsløre at det ikkje hadde vore noko kontakt, skriv New York Times.

Også Lillestrøm-trenar Andreas Georgson er skeptisk til at VAR-dommaren no har ein sensor i ballen å forhalde seg til.

– Eg tenkte først at det var ei EKG-måling på spelarane som var involverte i situasjonen. Men eg forstod raskt at han viste at ballen hadde fått ei berøring med handa, seier han til NRK.

NRK har konfrontert Uefa med kritikken. I ein e-post svarer dei ikkje direkte på kritikken, men forklarer kva teknologien inneber og skriv vidare:

– I samband med kampen mellom Slovakia og Belgia så klarte sensoren å ta opp berøringa frå handa til spelaren, som det blei vist på TV-sendinga og som dommaren kunne sjå på da han såg på det på skjermen. Dette var første gongen denne raske og presise teknologien hjelpte til med ei dommaravgjerd under ein kamp i fotball-EM 2024.

Kor kan dette komme frå?

Georgson sat framfor Tv-en og såg Belgia-kampen sjølv. Da han såg at det kom opp «Goal review» og at målet skulle sjekkast av VAR, blei han forundra.

– Da tenkte eg: «Kor kan dette komme frå? Kva situasjon?» Og så veit vi at med «slow motion», når ein går langt tilbake i angrepa, kan ein nesten finne eit regelbrot i kva skåring som helst, seier den svenske trenaren.

VAR

KOMEDISIESHOW: Det er ordet Gjermund Åsen bruker om denne teknologien.

Foto: Skjermdump / NRK

Han blir oppgitt av heile situasjonen og meiner den nye teknologien blir ei tvangstrøye for VAR-dommarane.

– Skjer det ei rørsle på den målaren, kjenner dommaren seg tvinga til å dømme. Da sluttar han å bruke speleforståinga. Eg forstår poenget med at ein kan få det svart på kvitt om nokon har vore borti ballen. Men det er vel også det som er redselen min. Det blir veldig vanskeleg for dommaren å få bruke spelforståinga si, trur LSK-sjefen.

Les også Håner søkkvåte EM-drakter: – Nitrist

hkxcE8oANkk

«Gi meg sporten min tilbake»

Georgson er blant dei som for lengst har fått nok av VAR. Etter Belgia-annulleringa skreiv han på X:

«Gi meg sporten min tilbake».

– Den sporten som eg ein gong blei glad i, og som kjem til å vere ein livslang lidenskap. Eg vil verne den lidenskapen, seier Georgson.

Les også Reagerer på at dette dukket opp i EM: – Uakseptabelt

Serbia

Han har for lengst tatt eit standpunkt om at VAR gjer meir skade enn nytte for fotballen.

Den svenske trenaren understrekar at fotball, i hans auge, er kjenslene og dei store augeblinkane som oppstår når ein fotballkamps relativt få mål blir eit faktum.

– Når noko kjem inn og konstant distraherer den lidenskapen, da er eg litt uroleg. Viss ein framover skal granske alle offsidar og alle mål, er det farleg, meiner han.

– Eg feirar aldri mål lenger

Belgias forsvarsprofil Jan Vertonghen har slite med skadar og sett på benken i første kamp. På ein pressekonferanse tysdag opna han opp mot si misnøye med VAR.

– Eg feirar aldri mål lenger, bortsett frå om vi skårar frå midtbanen. Det er det dumme med fotball nå. 80 prosent av måla blir underkjente, meiner Verthongen.

Jan Vertonghen

SKEPTISK: Jan Vertonghen liker ikkje utviklinga.

Foto: THOMAS KIENZLE / AFP

Vil heller ha dommarfeil

LSK-trenaren slår fast at han mykje heller vil ha dommarar som tar avgjerder der og da, og bommar iblant.

Han meiner det er enklare å akseptere menneskelege feil enn å ha eit videodømming-system som bryt opp og øydelegg dei viktige stundene i sporten.

– Viss ikkje dommarane på banen ser det, er det heller slik at eg lever med det. Så får ein bruke VAR til raude kort og straffer, for eg synest det brytar rytmen i mindre grad enn andre ting. Når ein skal leite i små, små detaljar etter feil, eg har vanskeleg for å sjå at det blir bra.

tyskland

Ut mot EM-kaos: – Rett og slett latterleg

– Eg blei eigentleg litt meir lei meg

Gjermund Åsen seier han er fødd og oppvaksen med ein fotball som er veldig lite påverka av teknologi. Det er også slik han føretrekker det.

– Eg blei eigentleg litt meir lei meg da eg såg det der, seier han om Belgias annullering.

Han ser framleis fotballkampar og er ein stor tilhengar av sporten. Men det nye VAR-tilværet har gjort noko med han.

– Same kva som skjer på ein bane når det gjeld nøkkelsituasjonar, så tør eg eigentleg ikkje å reagere spontant. Ein sit eigentleg berre og ventar litt på at det skal bli tatt av VAR, ein får liksom ikkje det kjensleregisteret som fotball kanskje har vore ekstremt på, med oppturar og nedturar. Den pulsmålinga tok heilt kaka, seier han.

Les også Program og TV-oversikt for fotball-EM i Tyskland

Bildekollasj til fotball-EM. Harry Kane, Christiano Ronaldo og Virgil van Dijk

Det finst også dei som støttar dommarteamet i annulleringa av Belgias seine 1-1-skåring. Jesper Mathisen seier til TV 2:

– Når ein ser den i reprise, er handsen krystallklar, og sjølv om eg føler med Belgia, trur eg ikkje du finn ein dommar i heile EM som ikkje dømmer der.