Hopp til innhold

Spår kaos med nye reglar – får kontant svar av dommarsjef

Ståle Solbakken fryktar fleire konsekvensar av Uefas nye regelendring inn mot EM. Det fell for døve øyrer hos den øvste dommarsjefen.

Ståle Solbakken og Roberto Rosetti

UEINIGE: Ståle Solbakken er skeptisk til dei nye regelendringane til Uefa og dommarsjef Roberto Rosetti (til høgre).

Foto: NTB/Uefa / NTB/Uefa

Nyleg offentleggjorde Uefa det nye grepet: Frå no kan berre kapteinane på laga oppsøke dommaren etter at ei avgjerd er teken. Andre spelarar vil få gult kort.

– Då blir det truleg mange gule kort, seier landslagssjef Ståle Solbakken når NRK ber han om ein spådom.

NRK konfronterer Uefas øvste dommarsjef Roberto Rosetti med Solbakkens synspunkt på pressekonferansen hans i München 48 timar før den NRK-sende turneringa startar i same by.

– Tvert imot. Fullstendig tvert imot.

Italienaren ter ein pause og borar blikket i journalistane. Han fektar med armane for kvart kritiske spørsmål. Det er openbert viktig for han å motbevise alle skeptikarar i rommet under den 30 minutt lange spørsmålsrunden.

Roberto Rosetti

KRYSTALLKLARE SVAR: Ei rekke internasjonale medium sette spørsmålsteikn ved den nye Uefa-regelen. Dommarsjef Roberto Rosetti avfeia det meste med stoisk ro.

Foto: Sondre Skandsen / NRK

– Sjå på Meisterliga-finalen vi nettopp hadde. To gule kort i førsteomgangen for protestar. Då skjøns spelarane kor lista låg. Andreomgangen var ekstremt velspelt og rettferdig.

– Du fryktar altså ikkje for ein auke i gule kort i EM?

– Nei, eg veit at det blir motsett. Det er eg sikker på. Spelarane vil dette sjølv, dei er fornøgde med den nye regelen, seier han til NRK.

  • Fotball-EM startar på fredag. Kampen mellom Tyskland og Skottland kan du sjå på TV 2 og høyre på NRK Sport.

r9fJD6nfn7o

Englands «nye» flagg skaper heit debatt: – Skal ikkje tulle med flagget

– Rett inn eine øret og ut det andre

Mangeårig eliteseriespelar Kristoffer Løkberg er fotballekspert for NRK. Han har lite tru på at spelarane vil klare å følgje reglane frå start av.

– Laga får presentert dette før turneringa og verkar nok forståingsfulle, men det går rett inn det eine øret og ut det andre. Det kokar på banen, og då er dommarmøtet ein hadde før EM starta fort gløymd.

Rosetti er av ei anna oppfatning.

– Det står allereie i reglane. Det er såre enkelt. La kapteinane snakke med dommaren. Ikkje omring han. Ikkje oppfør deg dårleg. Spelarane skjønar dette, seier han framfor pressekorpset i München.

Robertson til NRK: – Kan vere positivt

NRK spør Skottland-kaptein og Liverpool-profil Andy Robertson om hans dom.

– Når spelarar omringar dommaren, så er ikkje det imaget vi vil ha for fotballen. Eg tenker dette kan vere positivt, sjølv om eg er sikker på at det kjem til å bli litt diskusjonar og problem rundt det, seier han til NRK.

Andy Robertson

SVARER NRK: Andy Robertson er meir positiv enn både Ståle Solbakken og Kristoffer Løkberg.

Foto: UEFA/UEFA via Getty Images

– Vi er alltid opne for forandring så lenge det skal hjelpe spelet og er positivt. Og dette trur eg kan vere positivt for fotballen. Sjølvsagt må dei andre spelarane også respektere det.

Ilkay Gündogan, kaptein for Tyskland, får det same spørsmålet, men han er litt meir skeptisk.

– Eg håpar dommerene skjønner at vi er menneske med kjensler vi òg. Av og til må det vere greitt å reagere. Det er små marginar, og eg håpar dei viser empati for oss.

– Vi elskar alle fotballen på grunn av kjenslene som høyrer til. Det håpar eg dommarane fortset å tillate.

LEiUub4ZfUU

EIN NY ÆRA: Slik spår dommarsjefen til Uefa at EM skal vere eit eksempel på. Her frå Meisterliga-finalen 1. juni som han ei rekke gongar viser til som eit prakteksempel på den nye regelen.

Foto: Reuters

– Unaturleg mange gule kort

Både Solbakken og Løkberg trur potensialet til regelen er veldig bra. Men sistnemnde har lite tru på at spelarane klarer å tilpasse seg den nye kvardagen så fort som Rosetti ønskjer.

– Det å springe til dommaren, påverke han og å utnytte alt som er i gråsona sit i ryggmargen til mange spelarar. Ein ryggmargsrefleks kan ikkje endrast over natta.

– I starten av meisterskapen trur eg vi kan få sjå unaturleg mange gule kort, nettopp på grunn av dette her. Eg er ikkje tvil om at dette kjem til å bli synleg for alle som følgjer kampane.

Kristoffer Løkberg

ENDRAST IKKJE OVER NATTA: Kristoffer Løkberg trur det blir synleg for sjåarane heime at spelarane slit med å tilpasse seg den nye kvardagen.

Foto: Nicolai Trondal

Avfeiar Solbakken-påstand

Solbakken uttalte seg til NRK før Rosettis møte med pressa. Då hadde han også andre bekymringar:

– Det er for så vidt ei fair endring i regelverket. Og i kamp éin, to og tre fungerer sånt alltid fint. Så blir det kanskje slappare etter kvart når konsekvensane av gule kort blir større. Det blir spennande å sjå korleis det blir i praksis.

Ein annan ting Solbakken ser for seg, er auka tidsbruk og stopp i spelet.

– Det eg fryktar med det er at det blir for mykje prat. Kapteinen skal ha forklaring. Så kjem kapteinen til motstandarane, så blir det berre prating.

Også dette får Rosetti presentert i München.

– Korleis svarer du på Ståle Solbakkens spådom?

– Tempoet er ekstremt viktig for dommarane. Alle veit det. Og ikkje minst for spelarane på dette nivået. Eg er heilt sikker på at denne meisterskapen vil sette standarden for ein ny æra for korleis dommarar og spelarar kommuniserer.

Bildekollasj til fotball-EM. Harry Kane, Christiano Ronaldo og Virgil van Dijk

Program og TV-oversikt for fotball-EM i Tyskland

Euro 2024 - Final - Spain v England

England-stjerna med skrekktal: – Milevis unna

Spania, seier etter EM

Hvem skal stoppe denne gjengen?

UEFA Euro 2024, day 31, Final, Spain - England

Ble hengt ut av TV-profil – her slår han tilbake etter EM-finalen

Kane

Fikk EM-drømmen knust igjen: – Så vondt som det kan bli

Tyske fans ser på kampen mellom Tyskland og Spania, ved Brandenburger Tor, juli 2024

Mesterskapet som skulle redde Tyskland

Yamal

EM-heltens budskap vekker oppsikt: – Folk pleide å skamme seg

FINALEKLARE: Spanjolene har hatt mye å juble for til nå i EM.

Når et helt land blir enig om en spillestil

Yamal og Williams.

Stem frem dine EM-favoritter og vinn premie

England og Harry Kane feirer seieren i semifinalen i EM

To måter å like fotball på

Gareth Southgate

NRKs eksperter splittes av England-sjefens grep: – Det virker dumt

NRK spurte om Nederland-kaptein Virgil van Dijk ville se og bedømme straffesituasjonen. Han takket nei.

Stjernespilleren nekter å se NRKs klipp: - Hvorfor skal jeg det?

England EM 2024

Den engelske metoden