Hopp til innhold

Ukraina-stjerne prega av NRK-bilete: – Soldatane fortener følelsane vi gir dei i dag

Ukrainas Oleksandr Zintsjenko blei rørt da NRK viste bilete av deira kjempande soldatar. Både landslaget og soldatane på heimebane kjampar for éin ting: Ukrainsk siger.

Toppbilde

PROFIL: Ukrainas store stjerne Oleksandr Zintsjenko blei rørt av NRK-reportasjen reporteren viste ham etter sigeren over Slovakia i EM.

Foto: NRK

– Det gir mykje motivasjon til oss på banen når vi veit at soldatane heime følger med, seier Oleksandr Zintsjenko etter at de sikra den viktige sigeren mot Slovakia.

Backen vises NRK-reportasjen av ukrainske soldatar som sparkar ball med lokale barn i ein landsby ved frontlinja i Ukraina.

Zintsjenko, som spelar for engelske Arsenal, tar seg god tid til å sjå videoen, og blir tydelig bevega av det han vises.

– Situasjonen nå er den tøffaste vi har stått i. Kvar seier er viktig, for det kan sende gode følelsar heim til Ukraina, seier Zintsjenko.

Sjå reportasjen Zintsjenko reagerte på her:

DSC00375 2

Israels forsvar hevdar de vil innføre daglege pausar i kamphandlingane. Netanyahu visste ikkje om planane.

I Ukraina er idretten eit gledeleg avbrekk for liten og stor i ein krigsherja kvardag, snart to år og fire månader etter Russlands invasjon av Ukraina i 2022.

– Sport hjelper oss med å handtere dei psykiske belastningane vi møter. Vi tiltrekker oss unge menneske, ein ung generasjon. Det er veldig interessant, vi har det veldig gøy. Vi hevar i alle fall kampviljen litt, seier 35 år gamle Max til NRK.

I tillegg til å spele fotball, følger Max og dei andre soldatane med på EM så mykje som mogleg:

– Om vi ikkje er i aksjon vil vi sjølvsagt følge med via Starlink, og heie, heie, heie. Om vi er på vakt, vil vi høyre på via radio og brørne våre vil fortelje oss kven som vinn.

Max, soldat 35, ukraina

MOTIVERT: Max blir inspirert av EM-deltakinga til landslaget, og vil få med seg så mykje som mogleg av meisterskapen.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Starlink er ei satellittbasert internetteneste frå romfartsselskapet SpaceX, som er eigd av Elon Musk.

Det blei gjort tilgjengeleg for Ukraina kort tid etter invasjonen i 2022, for å sikre kommunikasjonen mellom ukrainske troppar.

– Vi vil som alle andre sjå sendingane

I intervjuet med NRK takkar Chechen, medsoldaten til Max, Elon Musk for at dei kan sjå på EM og vera på internett.

Me har mange strøymetenester der me kan sjå fotballkampar, så eg trur ikkje dette er noko stort problem no. Det einaste problemet kan vera elektrisitet, men i denne regionen der me er, er den svært sjeldan slått av, seier Chechen.

Soldaten Artur understrekar at dei aller helst ville sett kampane heime med familie og venner.

– Det går ikkje nå, sidan vi forsvarer moderlandet vårt. Viss det er ei moglegheit for å sjå sendingane, vil vi som alle andre sjå dei, legg Artur til.

DSC01705

STARLINK: Ved hjelp av satellittsignal får soldatane følgt fotball-EM mellom slaga.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Dei ser på landslaget som ei stor inspirasjonskjelde.

– Vi er i krig, og det motiverer oss som er på slagmarka direkte. Det inspirerer, oppmuntrar deg og gir deg styrke. Derfor veit vi at det vil bli ein siger, seier Artur.

Max håpar innsatsen på slagmarka smittar over på landslagsspelarane:

– På same måte som dei inspirerer oss med sigrane deira, vil vi inspirere dei med lagånda vår.

DSC01718

KONTRAST: Artur skyt ned russiske dronar, medan dei ukrainske landslagsspelarane skal skyte ballen i mål.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Heiar kvarandre fram

Mykje tyder på at innsatsen til Max, Chechen, Artur og medsoldatane deira allereie har motivert spelarane som kjempar om heider og ære i Tyskland.

Måndag publiserte Det ukrainske fotballforbundet ein video på sine sosiale medium med teksta «Byane våre ville elska å arrangere EM, men dei kjempar for fridom». 13 landslagsspelarar er med i videoen som framhevar øydelegginga krigen har påført heimbyane deira.

Under pressekonferansen før kampen mot Romania, understreka òg trenar Serhij Rebrov alvoret av situasjonen på heimebane:

Rebrov

STOLT: Ukrainas landslagstrenar Serhij Rebrov held seg til brystet medan han syng nasjonalsongen før opningskampen i EM.

Foto: AFP

– Det er veldig emosjonelt. Det er veldig bra og viktig for Ukraina å vere her i EM. Alle ukrainarar vil vere ein europeisk nasjon. Fotball er sjølvsagt ikkje førsteprioritet i Ukraina nå. Mange menneske og mange barn er døde, seier Rebrov og legg til:

– Vi er veldig takksame for krigarane våre, soldatane, for supporterane våre. For det er ei veldig vanskeleg tid i Ukraina. I kvart intervju vil eg minne folk om at vår krig framleis går føre seg. Vi vil fortsette å kjempe for fridommen vår.

Nemnde Oleksandr Zintsjenko har òg vore vokal om krigen i pressa. I eit intervju med tyske ZDF, før EM, snakka han om korleis landslaget blir motivert av soldatane, som Max, Chechen og Artur.

– Dei som kjempar i fronten for fridommen og sjølvstendet vårt, risikerer livet sitt kvar dag. Dei har òg har familie og venner. For dei er det supervanskeleg, for oss er det sjølvsagt ekstra motivasjon. Vi veit alle kven som står bak oss. Vi må derfor vere på vårt beste, sa 27-åringen.

zinchenko

VOKAL: Etter tapet mot Romania sa Zintsjenko at han var flau ovanfor fansen, og lova å prestere betre i neste kamp.

Foto: Reuters

– Som å skru av ein brytar

– Zintsjenko hjelper både materielt og på andre måtar. Fotballen er ein sport der folk har høve til å vie merksemda til meir enn sporten. Han har klargjort kva som skjer i landet vårt nå, og derfor synest eg han er ein god person og medborgar, seier Artur.

I eit skogholt ved fronten skyt han ned russiske dronar. Han og medsoldatane håpar på rolege dagar under EM, så dei kan følge fotballstjernene sine.

Under kamuflasjenetting ligg skarpskyttaren Djadja.

– Eg vernar meg sjølv frå FPV-dronar, forklarer han.

DSC00375 2

SKARPSKYTTAR: «Onkel» Djadja håpar idrettsgleda òg smittar over på politikarane.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Det seier seg sjølv at det ikkje alltid er like lett å følge med på sportslege hendingar herfrå.

– Eg pleidde å spele fotball, og får mykje glede av all slags sport, som boksing, volleyball, roing og friidrett, men det er ikkje så lett for meg å følge med på det nå. Nå handlar det meir om våpen og posisjonering. Derfor har vi ikkje nok tid til å følge med, men gleda er stor når eg får sett nokre kampar, eller mål i reprise, smiler Djadja, som blir kalla for «onkel» av medsoldatane sine.

Han seier at Ukrainas EM-deltaking har løfta humøret.

– Å sjå ein fotballkamp, er som å skru av ein brytar og eg kan puste. Eg kan kjenne på idrettsgleda ... og idrettsfrustrasjon, fleipar skarpskyttaren.

Måndag tapte Ukraina mot Romania. Fredag jaktar dei EMs første siger mot Slovakia, nabolandet som ikkje bidrar med våpen til Ukraina. «Onkel» trur og håpar fotballen kan gi positive, politiske ringverknader:

– Når politikarar er i godt humør og ser sport saman, kan dei sitte og kose seg, slappe av og drikke øl saman. Da kan dei lettare bli einige om noko.

Ni år gamle Vova er blant dei lokale barna som speler fotball med soldatane. Han er overtydd om at Ukraina vil markere seg i EM.

– Ukraina vil vinne, seier han bestemd.

Vova, ni år. ukraina

SIGER: Vova er trygg på banen og i trua på ukrainsk triumf i EM.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK
Euro 2024 - Final - Spain v England

England-stjerna med skrekktal: – Milevis unna

Spania, seier etter EM

Hvem skal stoppe denne gjengen?

UEFA Euro 2024, day 31, Final, Spain - England

Ble hengt ut av TV-profil – her slår han tilbake etter EM-finalen

Kane

Fikk EM-drømmen knust igjen: – Så vondt som det kan bli

Tyske fans ser på kampen mellom Tyskland og Spania, ved Brandenburger Tor, juli 2024

Mesterskapet som skulle redde Tyskland

Yamal

EM-heltens budskap vekker oppsikt: – Folk pleide å skamme seg

FINALEKLARE: Spanjolene har hatt mye å juble for til nå i EM.

Når et helt land blir enig om en spillestil

Yamal og Williams.

Stem frem dine EM-favoritter og vinn premie

England og Harry Kane feirer seieren i semifinalen i EM

To måter å like fotball på

Gareth Southgate

NRKs eksperter splittes av England-sjefens grep: – Det virker dumt

NRK spurte om Nederland-kaptein Virgil van Dijk ville se og bedømme straffesituasjonen. Han takket nei.

Stjernespilleren nekter å se NRKs klipp: - Hvorfor skal jeg det?

England EM 2024

Den engelske metoden