Hopp til innhold

Slår alarm om framtida i fotballen: – Blir mindre og mindre attraktiv

Uruguay-sjef Marcelo Bielsa kom med ein krass tirade om fotballen som har blitt vist denne sommaren. Han får delvis støtte av Åge Hareide.

Euro 2024 - Denmark v England

MÅLFATTIG: England har skåra fem mål så langt i EM.

Foto: Lee Smith / Reuters

– Det som i si tid gjorde dette spelet til det beste i verda blir ikkje prioritert i dag. Viss vi ikkje sørger for at folk får noko gøy å sjå på vil det berre tilfredsstille business. For business bryr seg berre om kor mange som ser på det.

Det sa Uruguays landslagssjef Marcelo Bielsa under ein lang fotballtirade på ein pressekonferanse nyleg.

Både under EM og Copa America var det ein fleire utslagskampar som enda i uavgjort etter 90 minutt spelte. Fleire av dei stod 0–0 etter ordinær tid.

– Fotballen har fleire tilskodarar, men han blir mindre og mindre attraktiv, sa Uruguay-sjefen.

Han får noko støtte frå NRKs fotballekspert Åge Hareide.

– Eg er delvis einig. Eg meiner det kommersielle skvisar sitronen så mykje som mogleg på både klubb- og landslagsnivå. Det fører til eit veldig press på å levere resultat som gjer fotballen mindre attraktiv, seier Islands landslagssjef.

Uruguay Training and Press Conference - CONMEBOL Copa America USA 2024

REAGERER: Marcelo Bielsa går hardt ut mot dagens fotball.

Foto: CANDICE WARD / AFP

Refsa svensk journalist

Under ein pressekonferanse måndag fekk Frankrike-trenar Didier Deschamps eit konkret spørsmål om fotballen til laget. Det var den svenske journalisten Olof Lundh som påstod at mange synest Frankrikes stjernegalleri speler kjedeleg fotball.

Han gav syrleg svar tilbake.

– Er du svensk? Nei, du bur i Frankrike. Du er forkledd som ein franskmann, svarte Deschamps på pressekonferansen.

Faktum er uansett at franskmennene har slite med å finne vegen til nettmaskene. Før semifinalen mot Spania tysdag stod dei med tre skåringar. To sjølvmål og éi straffeskåring frå Kylian Mbappé.

Mot Spania heada Randal Kolo Muani Frankrike i leiinga, før Spania slo tilbake og vann 2–1.

Yamal til NRK om kryptisk rop etter kamp: – Han vet hvem han er

– Veit du kva? Viss du kjedar deg, sjå ein annan kamp. Du treng ikkje sjå på oss, det går fint. Det er EM og det er veldig vanskeleg for alle lag. Men vi har evna til å gjere mange franske menn og kvinner fornøgde med resultata våre, spesielt i ei tid som er tøff for landet vårt, sa den franske landslagssjefen måndag.

Hareide sjølv meiner det Frankrike viste fram til semifinalen er spesielt og er sjeldan.

– Det er ganske unikt å komme seg vidare. Ein må basere laget på godt forsvarsspel. Nokre av måla har også komme som feil av forsvaret som er pressa fram av Frankrike. Ein skal hugse på det òg, seier han.

Euro 2024 - Quarter Final - Portugal v France

MÅLLAUST: Det enda mållaust mellom dei to gigantane Portugal og Frankrike, der sistnemnde tok seg vidare etter straffesparkkonkurranse.

Foto: Carmen Jaspersen / Reuters

– Det gjer vondt

Likevel meiner den rutinerte landslagssjefen at Deschamps har gjort mykje rett med laget.

– Det er vanskeleg å skåre, sjølv for dei beste. Dei har vore i finalar stort sett heile tida. Eg har lagt merke til forsvarsarbeidet deira har vore veldig godt og det har vore prioritert for dei, meiner Hareide.

England har også blitt offer for kritikk etter stort sett kvar kamp dei har spelt under meisterskapen. Spesielt éin episode vekte oppsikt, der landslagssjef Gareth Southgate fekk kasta ølbeger mot seg etter å ha spelt 0–0 mot Slovenia.

– Eg synest ikkje det er normalt at nokon kastar ølbeger mot deg. Eg kan ikkje nekte for at det gjer vondt når det blir så personleg som det har blitt, sa Southgate nyleg.

Hans mannskap har også slite med å skåre mål, og dei har skåra fem mål så langt i EM. Fire av dei har komme i ordinær speletid.

Les også Slår alarm om EM-juvelen: – En tikkende, psykologisk bombe

Lamine Yamal

Vil fjerne ekstraomgangane

Spanias landslagssjef Luis de la Fuente meiner at for stor belastning på spelarane er ein vesentleg del av forklaringa. I kvartfinalane i EM i år gjekk tre av fire til ekstraomgangar, mens i åttedelsfinalen var det to kampar som ikkje var avgjorde etter full tid.

– I ein meisterskap som EM, som krev så mykje av spelarane, bør ein kanskje avskaffe ekstraomgangar, seier De la Fuente, ifølge NTB.

Euro 2024 Soccer Germany Spain. Landslagssjef Luis de la Fuente

Spanias landslagssjef Luis de la Fuente meiner at ekstraomgangane gjer spelarane utslitne og at det senkar underhaldningsverdien i fotballen.

Foto: Ariel Schalit / AP

Likevel meiner han at ekstraomgangane burde bevarast i semifinalar og finalar.

– Det vil gagne showet fordi spelarane blir mykje piggare og vil vere meir opplagde i seinare rundar, fortset De la Fuente.

Englands kaptein Harry Kane er derimot meir usikker på kva som er den beste løysinga.

Les også Jonas danka ut 11 millioner spillere i Fantasy-League

Fantasy Premier League-bilde av Erling Braut Haaland, Martin Ødegaard og Jonas Sand Låbakk

– Det kjennest alltid fantastisk når ein kjem gjennom ekstraomgangane og ein kan bygge samhald gjennom det, seier Kane på pressekonferansen før semifinalen.

I Copa América blir De la Fuentes forslag allereie praktisert, for der er det berre finalen som kan gå til ekstraomgangar.

Harry Kane og de andre Engelske spillerne jubler for scoring i kvartfinalen i EM

Englands kaptein Harry Kane jublar saman med lagkameratane sine etter Bukayo Sakas utlikning i kvartfinalen. Å spele ekstraomgangar kan bidra til å bygge samhald meiner Kane.

Foto: OZAN KOSE / AFP
Euro 2024 - Final - Spain v England

England-stjerna med skrekktal: – Milevis unna

Spania, seier etter EM

Hvem skal stoppe denne gjengen?

UEFA Euro 2024, day 31, Final, Spain - England

Ble hengt ut av TV-profil – her slår han tilbake etter EM-finalen

Kane

Fikk EM-drømmen knust igjen: – Så vondt som det kan bli

Tyske fans ser på kampen mellom Tyskland og Spania, ved Brandenburger Tor, juli 2024

Mesterskapet som skulle redde Tyskland

Yamal

EM-heltens budskap vekker oppsikt: – Folk pleide å skamme seg

FINALEKLARE: Spanjolene har hatt mye å juble for til nå i EM.

Når et helt land blir enig om en spillestil

Yamal og Williams.

Stem frem dine EM-favoritter og vinn premie

England og Harry Kane feirer seieren i semifinalen i EM

To måter å like fotball på

Gareth Southgate

NRKs eksperter splittes av England-sjefens grep: – Det virker dumt

NRK spurte om Nederland-kaptein Virgil van Dijk ville se og bedømme straffesituasjonen. Han takket nei.

Stjernespilleren nekter å se NRKs klipp: - Hvorfor skal jeg det?

England EM 2024

Den engelske metoden