Hopp til innhold

Ville snu – fekk hjelp av konkurrentane

– Det var ei intens og skjelsetjande oppleving, seier ei førebels førstedame i FL-1000, Marit Beate Kasin, etter ein rekordtøff etappe over fjellet.

Finnmarksløpet 2017
Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Eg har aldri møtt noko så ille, og har aldri køyrt i eit slikt vêr før, seier Kasin, medan ho tek seg av spannet ved sjekkpunkt i Levasjok torsdag kveld.

Ho og resten av tetfeltet beskriv forhold dei ikkje har sett maken til, og takla det heile ved å støtta kvarandre og ta følge gjennom det verste partiet. Kasin vurderte på eit tidspunkt å snu.

Mentalt anstrengande

– det var på grunn av andre konkurrentar at eg valde å ikkje snu og kom meg over. Eg møtte på Kristoffer Halvorsen, og me prata litt saman. Me blei einige om å prøva å koma oss framover i lag, saman med Petter Jahnsen, og heller snu om det blei for ille. Så me tre køyrde i lag oppover, seier den 34 år gamle køyraren frå Notodden.

Ho beskriv det som mentalt anstrengande å vera aleine under slike forhold som køyrarane møtte på, og sette pris på å ha støttande konkurrentar.

– det følast mykje tryggare å vera fleire i lag, så det sette eg stor pris på.

Framleis ope løp

217 kilometer er att før målstreken i Alta, og den førebels leiaren meiner at alt kan skje.

– Feltet er veldig tett, og det er langt igjen. Ingenting er avgjort, seier ho, men det er også optimisme å spore. Spannet som har hatt litt trøbbel med sjukdom tidlegare i løpet er nå friske og fine forsikrar ho.

– Hundane går som kuler og humøret er bra.

Ho er ikkje den einaste optimisten på sjekkpunktet i Levasjok.

Køyrer for å vinna

– Det er klart ein byrjar å tenke på sigerspallen når ein ligg på tredjeplass med eit slikt spann som eg har, seier Kristian Walseth som også var blant dei første inn i Levajok.

– Det er mykje som kan skje ennå, og det er langt igjen, men me køyrer jo sjølvsagt for å vinna. Eg har spart på krutet heile vegen så får me sjå om det lønar seg.

Finnmarksløpet 10.-18. mars