Elisabet Edland var ein av favorittane frå start, men håpet om ei topplassering i FL-500 kan vera tapt etter uhellet i løypa laurdag.
Den tidlegare FL-500 vinnaren oversåg eit løypekryss inn til Jergul, og køyrde feil løype i 7–8 kilometer før ho skjønte at det var feil og snudde, ifølge handlar og ektemann Per Olav Gausereide.
Tapte både tid og krefter
– Ho tapte rundt ein time og eit kvarter på dette, i tillegg til kreftene ein taper på å køyra dei ekstra kilometrane. Det gjer jo at det er vanskeleg eller umogleg å konkurrera om dei første plassane, konkluderer Gausereide.
Då NRK snakka med Gausereide låg kona og sov ved sjekkpunkt i Karasjok.
– Ho synst jo at dette er veldig kjedeleg. Det ligg mykje tid og arbeid bak løpet, og ein ønsker jo å gjera det best mogleg. Eller i alle fall å få testa seg ut ifrå føresetnader heller enn å kasta løpet vekk på uhell, seier han.
Vanskeleg å henta seg inn
Grunna obligatorisk kviletid er det ikkje mogleg for Edland å henta inn mykje tid ved å kutta pausar, så det einaste håpet for å hevda seg i toppen etter omkøyringa vil vera å ta att konkurrentane i løypa. Gausereide er ikkje optimist.
– Ho klarer ikkje å køyra inn dette, då må dei framføre få trøbbel og falle av.
Trass i at ein eventuell pallplass kan vera utanfor sannsynleg rekkevidd, var det likevel ikkje snakk om å bryte etter hendinga. Humør og fysikk er bra, forsikrar Gausereide, men innrømmer at det er litt skuffelse ute og går.
– det er jo meir morosamt å køyre når ein konkurrerer om teten, enn når ein ligg lenger ned på lista.