NRK Meny
Normal

Teten mista ein time på feilkøyring

Arne Karlstrøm

Arne Karlstøm er ein av dei som køyrde feil etter sjekkpunktet på Jotka.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Arne seier at dette er jo ein generaltabbe, og slett ikkje bra. Men samstundes kan me jo ikkje gjera noko med det som har skjedd.

Det seier Marianne Skjøthaug som er kona og handlaren til deltakar Arne Karlstøm, etter feilkøyringa første dag av 1000 kilometeren i Finnmarksløpet.

Trudde løypa var endra

Karlstrøm var ein av rundt 20 deltakarar i tet som tok feil veg løypekrysset etter Jotka.

Han køyrde ca. fire kilometer før han fann ut at han hadde teke feil veg ifølge kona, men fleire andre kom lenger før dei fann ut at dei var på villspor, så det er skjel på kor store konsekvensar hendinga har hatt for deltakarane det gjeld.

Handlar Marianne Skjøthaug og rennleiar Rita Hallvig ved sjekkpunktet i Skoganvarre.

Handlaren og kona til Arne Karlstrøm, Marianne Skjøthaug og rennleiar Rita Hallvig ved sjekkpunktet i Skoganvarre.

– Arne visste at han skulle til høgre der vegen delte seg, men i løypa stod det eit svært gult Finnmarksløpet-skilt, som viste veg til venstre. Han tenkte at dei hadde kanskje lagt om løypa, forklarer Skjøthaug.

Lurer på kva som har hendt

– Det er jo inga krise, og humøret og stemninga i sporet er framleis bra seier ho, men understrekar at dei likevel lurer på kva som var grunnen til hendinga.

– Er det nokon som har snudd skiltet for å vera morosame kanskje? Eller er det nokon nye med ansvar for løypa som rett og slett har gjort ein feil? Me veit jo ikkje kva som har skjedd, men det nyttar ikkje å hyle og skrike. Dei som har ansvaret får berre prøva å finna ut kva som har skjedd, seier ho.

Leiinga ser på på saka

–Me er usikre på kva som har skjedd. Me veit at fleire spann køyrde feil, men veit ikkje nok om detaljane rundt dette nå. Me må finna ut kva som er fakta rundt hendinga, og ikkje basera oss på rykte, seier rennleiar Rita Hallvig.

Før dei veit meir om kva som har hendt kan ho ikkje seie kva leiinga vil gjera med saka.