Hopp til innhold

Karlsson først inn til Kirkenes

Svensken Petter Karlsson var førstemann inn til sjekkpunktet i Kirkenes, og leier no 1000-kilometersløpet, halvvegs til målgong.

Petter Karlsson

Petter Karlsson førstemann inn til sjekkpunktet i Kirkenes, halvvegs i Finnmarksløpet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Det kjennes bra, seier Karlsson, rett etter han er kome inn til Kirkenes.

– Det var ein fin tur, litt varmt, men det gjekk bra, seier Karlsson og forklarer at hundane ikkje trivs så godt når temperaturen blir for høg.

Petter Karlsson blei møtt av ordførar i Sør-Varanger kommune, Rune Rafaelsen, då han kom inn som førstemann klokka 15.46 tysdag ettermiddag.

Kirkenes er det sjuande sjekkpunktet av i alt 13 stadar kjørarane må innom, før målgong i Alta.

Petter Karlsson inn til sjekkpunkt Kirkenes

Petter Karlsson og hundespannet i Kirkenes sentrum.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Petter Karlsson var tredjemann inn til forrige sjekkpunkt, og tredjemann ut. Han har tatt igjen Kenneth Nilsen og Ronny Frydenlund, og låg lenge framst med eit godt forsprang.

Karlsson skal no ordne mat og stell til hundane. Kor lenge han vil kvile i Kirkenes er usikkert. Den obligatoriske langkvilen har han allereie tatt i Neiden.

– Eg må prøve å fokusere på spannet. Dei andre kjem til å kjøre hardt, men eg får ikkje bry meg så mykje om kva dei andre gjer, seier han.

Kven som kjem etter han er framleis usikkert.

Frydenlund passert av Nilsen, Karlsson og Næss

Før løpet peika Finnmarksløpet sin ekspert, Trond Ørslien, ut Frydenlund som ein av favorittane til å vinne Finnmarksløpet i år.

Ronny Frydenlund var først ut frå sjekkpunkt Ellentjern, men eit stykke på veg ut frå Ellingtjern kunne Frydenlund fortelle at Kenneth Nilsen og Petter Karlsson hadde passert han og låg 20-30 minutt foran. Frydenlund var likevel godt nøgd med korleis løpet gjekk.

– Det er fine forhald, gode spor. Eg har litt mat i hundane, så det ser greitt ut dette, sa Frydenlund undervegs i sporet.

Etter kvart tok òg Birgitte Næss innpå Frydenlund, og kjempa seg fram til andreplass inn til Kirkenes. Næss kom inn 16.23, like foran Kenneth Nilsen, som var inne klokka 16.28.

Frydenlund kom inn ti minutt seinare, klokka 16.38.

Birgitte Næss inn til sjekkpunkt Kirkenes

Birgitte Næss kom som andremann inn til sjekkpunktet i Kirkenes, klokka 16.23.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Finnmarksløpet 10.-18. mars