Kan dei henta inn tetgrupppa?
– Spørsmålet nå er om tetgruppa som kjem inn til Levajok har så stort forsprang at dei andre skal slita med å ta dei att, spekulerer ekspertkommentator Hans Petter Dalby, før spanna har byrja ankoma Levajok. I tet ligg ei gruppe beståande av Walseth, Austgarden, Halvorsen og Jahnsen. Kasin sin GPS er ikkje på stell, så med henne er det usikkert. – Dersom forfølgar-gruppa beståande av Thomas Wærner, Ola Brennodden Sunde og Arnt Ola Skjerve er to og ein halv til tre timar bak teten inn til Levajok, så kan det bli for hardt å henta inn, meiner Dalby. Desse valde å ofra tid for å sleppa det verste êret.