NRK Meny
Normal

– Sinnssjukt spanande!

Aldri før har leiarfeltet vore så tett og jamt som i årets FL-1000, men det vil ikkje vare stort lenger spår ekspertkommentator Hans Petter Dalby. Nå byrjar spelet mot sluttlinja.

Finnmarksløpet 2017

Ein av favorittane i FL-1000 er Thomas Wærner frå Torpa i Nordre Land kommune, som vann Finnmarksløpet i 2013.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Det er nå at klinten byrjar å skilja seg frå kveiten. Det blir sinnssjukt spanande å sjå kva som skjer i natt, seier Dalby ved sjekkpunkt i Varangerbotn onsdag kveld.

Dobbel rekord

Spanna har ved det niande sjekkpunktet lagt bak seg 785 kilometer, og i løpet av 26 minutt dundra sju spann inn mellom klokka 17.18 og 17.44. Ifølge arrangørane har det aldri vore verken tettare eller jamnare i tetfeltet så langt ut i løpet.

– Dette er jo heilt vanvitig. Eg trur det er tunge forhold så langt som gjer at dei ligg så tett, men det er også eit veldig høgt nivå på alle spanna i tet, seier Dalby.

Kort pause

I Varangerbotn valde alle som kom inn onsdag ettermiddag og kveld å ta fram halmen og gje spanna ein pause, noko Dalby meiner har mykje med det varsla uvêret å gjera. Han trur likevel at enkelte vil halda pausen så kort som mogleg.

Hans-Petter Dalby

Ekspertkommentator Hans Petter Dalby er spent på å sjå kva val køyrarane tek framover.

Foto: Erik Lieungh

– Det som blir spanande nå er kor lenge dei tør å kvila. Dei skulle jo sjølvsagt kvilt så lenge som mogleg, men eg er sikker på at det er folk her som vil ta initiativ etter kort tid. Eg tviler på at Thomas Wærner kjem til å kvila lenge for å seie det sånn. Spørsmålet er jo kva som møter dei i løypa seier han, og siktar til vêr- og føreforhold.

Torsdag er det meld vindauke med mogleg liten storm i Finnmark.

Kan bli hardt

– Det kan bli ein steintøff utfordring. Om du kviler for lite i forkant og får ein storm i trynet, då kan det fort stoppa opp. Det er jo nokon som har spekulert i om dei klarer å koma seg over i forkant av uvêret, så me får sjå kva dei gjer, seier Dalby.

Ein av dei som hadde planar om å droppe kvile i Varangerbotn var Ola Brennodden. Men også han revurderte planane grunna vêret, og valde å gje hundane ein kvil, det fortel handlar og far Kjell Brennodden.

– Me hadde tenkt å køyra vidare direkte, men på grunn av stormen så ventar me heller litt her seier han, og legg til at han trur det vil spissa seg til med taktikkeri fram mot mål.

Brennodden

Handlar- og far Kjell Brennodden og Ola Brennodden er med i tet.

Foto: NRK

Taktikken køyrarane spekulerer i dreier seg i hovudsak om å kutte kvile, forklarer hans Petter Dalby. Det er nå deltakarane byrjar å verkeleg tyne på, og kvile er det første som ryk.

Luskar på kvarandre

– Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal gjera. Det kjem an på vêret og kva dei andre gjer, seier Alta-køyrar Kristian Walseth.

Han gjev ein av hundane litt massasje, medan han vurderer strategi vidare.

– Eg trur eigentleg at alle her ligg litt "på vent", og at alle har byrja å luska på kvarandre, seier han.

Walseth meiner han har hatt ein fordel av å ligga litt bak dei andre, og har køyrt på mykje lettare spor enn dei framføre. Det tette feltet gjer at også han synst det er vanskeleg å spå vinnar.

– Kven er din argaste konkurrent?

– Det er eit godt spørsmål, det veit eg ikkje. Kanskje Thomas Wærner.