NRK Meny
Normal

17-åring vann Finnmarksløpet: – Dette er heilt fantastisk!

Tuva Almås var den første av juniorane til å tikka inn over målstreken. Det hadde ho ikkje trudd skulle skje.

Tuva Almås

Tuva Almås vant FL-junior på første forsøk, og kom i mål litt sliten men veldig glad.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg ennå at eg har vunne! Eg kan nesten ikkje tru det, eg hadde verkeleg trudd at Mina og Hanna skulle koma i mål før meg! seier den 17 år gamle vinnaren frå Stord.

Koste seg på turen

Mina Skjøthaug Karlstrøm og Hanna Lyrek kom inn kort tid etter Almås, på anna- og tredjeplass. Dei tre venninnene har lege i tet heile løpet, men Tuva trakk altså det lengste strået.

Det er 17 år gamle Tuva Almås som vinner årets juniorklasse i Finnmarksløpet.

Tuva Almås deltok for første gong i Finnmarksløpet, vann til si eiga overrasking.

– Me har hatt veldig lik og jamn snittfart, men så klarte Tuva å dra ifrå oss, seier Skjøthaug Karlstrøm, som er nøgd med løpet sitt trass i at sigeren rauk i oppløpet.

– Så lenge hundane mine gjekk bra så er det gøy. Og så er det jo veldig kjekt å dra på tur med likesinna understrekar ho, og dei andre to er einige.

– Det har vore kjekt, eg har verkeleg kost meg, og har ikkje tenkt så mykje på konkurransen før nå på slutten eigentleg. Eg har berre hatt det gøy på tur eg, smiler den ferske vinnaren.

FL-junior

Topp tre i FL-junior, (f.v.) Mina Skjøthaug Karlstrøm på 2.-plass, vinnar Tuva Almås og Hanna Lyrek på 3.-plass.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Juniorløpet er på 200 kilometer, og går frå Alta, over Finnmarksvidda og tilbake til Alta. Almås var i mål klokka 14.09, og haldt ein snittfart på 14,2 km/t.

Ikkje problem med vêret

Laurdag kveld var det mykje snø og vind i løypa, men ingen av dei tre synst det har bydd på problem.

– Eg synst det har gått fint eg. Det var heilt greitt med litt vind på fjellet i går, det var bra merka og alt gjekk fint, seier Almås.

Ho summerer opp eit løp der ho gjorde rette strategiske val, og koste seg stort.

– Det har vore sosialt, koseleg og lærerikt.