Tovald Torgersen jobbar på transittmottaket utanfor Kirkenes

Torvald Torgersen var arbeidsledig før han nyleg fekk jobb som vaktmeister på transittmottaket utanfor Kirkenes. Byen med 3500 innbyggjarar har no teke imot godt over 4500 asylsøkjarar i transitt.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Då flyktningkrisa i Europa kom til Finnmark

Arbeidsledige Torvald, turistsjåføren Kjell Vidar og radiografen Ole Jørgen. Dei er tre av mange lokale i Kirkenes som har fått ein ny kvardag på grunn av den massive asylstraumen over grensa i nord.

Tilsette ved transittmottaket utanfor Kirkenes

Både kleda og bagasjen til asylsøkjarane skal innom eit fryselager i 48 timar for å unngå smitte. Her jobbar miljøarbeidarar med å henta ut den iskalde bagasjen til dei som skal vidare med fly til asylmottak andre stader i landet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Blikket er konsentrert og stega er raske og tunge. Med ein varmglødande telefon småspring han fram og tilbake på det kalde, kvite underlaget mellom dei raudmåla brakkene.

– Eg kjenner det i beina når dagen er over. Eg spring nærmast frå eg kjem på jobb til eg går heim. Det er svært hektisk, fortel vaktmeister Torvald Torgersen.

Mykje har skjedd sidan oktober.

Som maritim riggar i den kriseråka oljebransjen stod han brått utan nye oppdrag. Men situasjonen som arbeidsledig blei heldigvis kortvarig, takka vere det nye transittmottaket ved Kirkenes flyplass. Ein søknad og eit speedintervju seinare var han ein av 40 som hadde fått jobb som miljøarbeidarar på mottaket.

– Skapar arbeidsplassar

Kvar dag pendlar Torgersen inn til sin nye arbeidsplass frå Neiden, ei lita fiskegrend fire mil vest for Kirkenes.

– Dette er heilt topp, dagane går fort, seier vaktmeisteren.

Kirkenes, med sine 3500 innbyggjarar, har så langt i år vore innfallsporten for meir enn 4500 menneske som søkjer asyl i Noreg, viser ferske tal frå Utlendingsdirektoratet.

Kommunen har sagt ja til å busetja 160 innan 2017, resten skal vidare til asylmottak andre stader i landet. Men før den tid ventar blant anna registreringar, helsesjekk og nedfrysing av klede og bagasje for å unngå smitte.

Miljøarbeidarane er viktige brikker for å få til ein så god og effektiv prosess som mogleg. Godt synlege i gule vestar hastar dei av garde mellom kleslager, frysekonteinerar, overnattings- og sanitetsbrakker inne på det inngjerda området.

Cecilie Hansen

Kirkenes har ei forhistorie med å førebu seg på kriser og ta imot folk på flukt, fortel tidlegare ordførar i Sør-Varanger, Cecilie Hansen (Sp).

Foto: Tarjei Abelsen/NRK

– Mange var arbeidsledige, andre hadde eit ønske om å skifta jobb. Me har ikkje stilt særskilde kompetansekrav, men var ute etter «poteter» og ja-folk som likar å jobba med menneske, fortel driftsleiar ved mottaket, Henry Osima.

Torgersen ser definitivt ut til å oppfylla «potet-kriteriet». Han monterer varmeomnar og fiksar køyesenger i overnattingsbrakkene, bestiller desinfeksjonsmiddel og sørgjer for at søppelet blir henta.

– Oppgåvene er varierte og eg får jobba med menneske på ein heilt annan måte enn det eg har gjort tidlegare. Dei er hyggelege, smiler og spør på alle slags språk som eg ikkje kan, humrar den ferske vaktmeisteren.

Den kraftige auken av asylantar har skapt mange nye arbeidsplassar i Sør-Varanger, fortel Cecilie Hansen (Sp), som var ordførar i kommunen fram til slutten av oktober.

– Det er svært positivt. Dei involverte aktørane er flinke til å tilsetja lokalt og brukar det lokale næringslivet til å levera tenester som blant anna reinhald og mat, seier Sp-politikaren.

Torvald Torgersen har bakgrunn frå oljebransjen og var arbeidsledig då han i oktober fekk jobben som vaktmeister på det nye transittmottaket i Kirkenes. Hittil i år har nær 5000 asylsøkjarar kome til Kirkenes over grensa frå Russland.

Torvald Torgersen har bakgrunn frå oljebransjen og var arbeidsledig då han i oktober fekk jobben som vaktmeister på det nye transittmottaket i Kirkenes. Hittil i år har i underkant av 5000 asylsøkjarar kome til Kirkenes over grensa frå Russland.

Frå nordlyssafari til asyltransport

Sjåfør i Kirkenes, Kjell Vidar Ryeng

Kjell Vidar Ryeng køyrer til vanleg turistar i Kirkenes som vil sjå nordlys og kongekrabbe. No jobbar han for Utlendingsdirektoratet og skyssar asylsøkjarar mellom transittmottaket og sjukehuset i byen.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Inne på Fretex`en i Kirkenes sentrum får hyllene med rimeleg nips og ullstrikk to kvinnelege amerikanske turistar til å bryta ut i full begeistring.

Kvart år valfartar utlendingar til området for unike naturopplevingar, som nordlyssafari, kongekrabbesafari og hundesledetur i polarnatta. Turismen er vanlegvis levebrødet til reiselivssjåfør Kjell Vidar Ryeng, men dei siste månadene er det mykje som her som har vore utanom det vanlege.

UDI har gitt han ansvaret for transporten mellom transittmottaket og sjukehuset, der alle asylsøkjarar skal undersøkast for smittsam tuberkulose dagen etter innkomst.

– Eg kjenner jo at eg kjem svært tett på det som er omtalt som flyktningkrisa i Europa. Det er ikkje lenger noko som skjer «der nede», men som i stor grad også utspelar seg heilt her oppe i nord, reflekterer Ryeng.

Asylmottak i Kirkenes

– Flyktningkrisa i Europa er ikkje lenger noko som skjer «der nede», men som i stor grad også utspelar seg heilt her oppe i nord, seier sjåfør Kjell Vidar Ryeng. Transittmottaket i Kirkenes opna onsdag førre veke og har sengeplass til 600.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Den blide sjåføren synest stort sett det går greitt føre seg, men ein ting må han «masa litt på»:

– Dette med bilbelte er dei tydelegvis ikkje vande til.

Han slår over til russisk i det han bøyer seg inn i den fullasta minibussen. «Da, da» kjem det raskt frå fleire av dei unge mennene som lydig fiskar fram beltet.

Mange av dei som kjem kan nemleg russisk og har hatt opphald i Russland over lengre tid, stadfestar Øst-Finnmark politidistrikt. Over halvparten har sitt opphav i Syria og Afghanistan, syner tal frå UDI.

– Turistane eg vanlegvis køyrer er ei heilt anna gruppe menneske. Dei er ressurssterke og me skal gje dei ei god oppleving. Mange av asylsøkjarane er prega av alvoret. I motsetnad til turistane verkar dei slitne og fortvila, der har du kontrasten, seier Ryeng.

– Skreik og klamra seg til mor si

Ryeng køyrer i skytteltrafikk denne fredags ettermiddagen. Inne på sjukehuset i Kirkenes fyller venterom og kvite korridorar seg opp med unge og gamle av ulike nasjonalitetar.

Dei har i gjennomsnitt 150 pasientar inne til lungerøntgen kvar dag. Til samanlikning var dagsgjennomsnittet 15–20 slike undersøkingar før tilstrøyminga av asylsøkjarar for alvor tok seg opp i starten av august.

Radiograf Ole Jørgen Ulvang ved Kirkenes sjukehus fortel om sterke møte med asylsøkjarar under dei obligatoriske tuberkulose-undersøkingane .

Redde asylborn som klamrar seg til mødrene sine har gjort sterkt inntrykk på radiograf Ole Jørgen Ulvang ved Kirkenes sjukehus. Ved sjukehuset blir asylsøkjarane sjekka for smittsam tuberkulose.

Ei dame med kvit legefrakk kjem ut i gangen og signaliserer med kroppsspråket at alle vaksne må ta av seg ytterjakkene før dei skal inn til røntgen. Av dei under 15 år blir det teke blodprøvar. Sjølv om nokon skal hit og andre skal dit, går det overraskande stille og ryddig føre seg.

Lungerøntgen av asylsøkjar på Kirkenes sjukehus

Den pakistanske asylsøkjaren Aurang Zeb gjer seg klar til lungerøntgen ved sjukehuset i Kirkenes. Alle asylsøkjarar skal sjekkast for tuberkulose.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Slik var det ikkje i starten, minnast radiograf Ole Jørgen Ulvang.

Han fortel om ei tobarnsmor som bad sidemannen på venterommet passa ungane i dei fem minuttane ho skulle inn til røntgen.

– Det slo heilt feil. Før ho hadde fått reist seg, begynte borna å gråta. Det var mykje skriking og dei klamra seg til mora sine bein. Ungane opplevde det som full krise at mora skulle inn i eit anna rom og at dei ikkje kunne sjå henne.

Etter det har sjukehuset gjort unntak og let asylborna få bli med foreldra inn

– Me ser ei redsle og uro hos mange av asylborna som me ikkje er vant til, fortel Ulvang.

Ingen panikk

Det kontrastfylte møtet mellom dette jordnære, nordnorske lokalsamfunnet og den europeiske flyktningkrisa vekkjer merksemd, også utanfor kommunegrensene.

Sølvi Osima

Det er ikkje krisestemning i byen sjølv det no har kome fleire asylsøkjarar til Kirkenes enn dei har innbyggjarar, fortel Sølvi Osima.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

I Kirkenes sentrum merkar handels- og hotellnæringa meir til dei tilreisande journalistane enn til asylsøkjarane, som oppheld seg på transittmottaket halvanna mil utanfor byen.

– Det er koseleg at det kjem masse nye folk innom, og det trekk jo opp salet, seier Iselin Ryeng på Centrum Kafe.

Bak disken i den lune blomebutikken eit lite snøballkast unna, står Sølvi Osima, som viser seg å vera niesa til mannen som er driftsleiar for transittmottaket.

– Det er mange som er sette i sving for å ta hand om dei som kjem. Det er ikkje noko som pregar samtalane eller bybilete i stor grad, men litt snakk blir det jo, seier Osima medan ho finn plass til ein kvast med granbar i juleoppsatsen.

I det store og det heile ser livet ut til å gå sin vante gang i Kirkenes. Dei småpratar om julestria, om kor kaldt det har blitt den siste tida, om kor tøft minstepensjonistane har det og om den usikre framtida til jernmalmgruva.

Det er kanskje ikkje så rart, i og med at kommunen har ei lang forhistorie med å førebu seg på kriser og å ta imot store grupper med flyktningar.

Tok imot 1000 frå Kosovo

REUTERS-PICTURES30/ File photo of an ethnic Albanian woman feeding her baby as she and another 2,000 refugees walk up a muddy dirt track after they were allowed to enter Macedonia

Kosovo-albanske flyktningar på veg til Makedonia i 1999. Herifrå vart mange flydd til Noreg. Kirkenes tok imot om lag 1000.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

I 1999 oppretta Kirkenes transittmottak for om lag 1000 flyktningar frå Kosovo-krigen.

– Dei kom frå Kosovo til Kirkenes med fly. På grunn av nærleiken vår til Russland hadde me planar klare for transitt og massetilstrøyming, utdjupar tidlegare ordførar Cecilie Hansen.

Kommunen blei dessutan hardt råka under Den andre verdskrigen. Opptil 100.000 tyske soldatar var til tider stasjonerte her. Folk opplevde vald, overgrep og det å måtte flykta frå hus og heim.

Sympatien med dei som no flyktar hit, er difor sterk for mange.

Tilbake på mottaket er det hektisk aktivitet i alle ledd. I underkant av 200 skal vidare med fly til asylmottak i Haugesund i løpet av kvelden, men systema har knela og viktige verktøy til bagasjeregistrering manglar.

Sjølv om utfordringane står i kø og beina verkar når arbeidsdagen er over, håpar vaktmeister Torgersen på fast jobb ved mottaket når prøveperioden hans er over.

– Eg håpar at me etter kvart får betre kontroll på systemet og at eg kan få meg ein assistent, men ein jobb utan nye utfordringar blir fort kjedeleg.

Bagasje blir henta ut av fryselager ved Kirkenes transitmottak

Dei tilsette ved transittmottaket jobbar på høggir denne ettermiddagen. Dei har datatrøbbel og må gå manuelt til verks for å finna den nedfrosne bagasjen til nær 200 asylsøkjarar som skal vidare med fly til asylmottak i Haugesund same kveld.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK