Hopp til innhold

VM-nedtur for Trosten Andersen

VM i skutercross i Älvsbyn i helga blei ein nedtur for Alta-køyraren Malene Trosten Andersen frå Vadsø. Ho hadde kontroll i teten fram til eit uheldig sporbyte, då ho gjekk over ende og ikkje fekk start igjen. Trosten Andersen var ein favorittane før finalen, og beskriv det heile som svært skuffande.