Hopp til innhold

Vinterleg langhelg i vente

Sludd og snø – trass i ein sein Kristi himmelfartsdag, blir det vintervêr i Nord-Norge den komande langhelga.

Vinterføre over Hatter

SNØDEKKE: På E6 over Hatter var det vinterføre tysdag ettermiddag. Det kalde vêret vil halde seg over helga, melder meteorologen.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Eit lågtrykk i Barentshavet og eit høgtrykk lengre vest, mellom Jan Mayen og Bjørnøya, får skulda for den kalde perioden i nord no i slutten av mai månad.

Vegen til Nordkapp er tysdag ettermiddag stengt grunna vanskelege køyreforhold. Det er kolonnekøyring på fylkesveg 888 mellom Bekkarfjord og Hopseidet i Finnmark. Det meldast òg om vanskelege køyreforhold fleire stader i Finnmark.

Laster Twitter-innhold

– Det gjer at det vil blesa frå nordvest med liten kuling på utsette stader. Tysdag kveld kan det bli forbigåande stiv kuling på kysten av Aust-Finnmark.

Det fortel statsmeteorolog Ola Mellem ved Vêrvarslinga i Nord-Norge. Han kan òg melde om vinterleg nedbør.

Hatter 23. mai

Statens vegvesen melder om at det ikkje er køyrbart på enkelte strekninger i Finnmark tysdag ettermiddag. Tysdag morgon var det vinterføre over Hatter i Finnmark.

Foto: Thomas Jacobsen

– Det blir bygevêr som sludd og kanskje snøbyer. Unntatt på vidda, der blir det opphald, seier Mellem om tysdagsvêret.

Det har vore ein lang vinter i nord, og snøen har akkurat trekt seg tilbake når nye snøbyer no er å sjå i lufta. I Lakselv tok optimismen overhand, og golfsesongen vart opna.

Men det kan bli ein framleis kald start på sesongen. Det kjølige vêret ser ut til å vare i fleire dagar framover.

Langtidsvarselet viser blåe tal på temperaturlista heilt fram til 1. juni, men på dagtid vert det plussgrader.

Onsdag fortset de å blåse frå nordvest, men noko svakare enn tysdag.

– Det kan koma opp i frisk bris på kysten, med fortsett bygevêr med sludd eller snø i ytre strøk, elles opphaldsvêr, seier Mellem.

Det kan bli periodar med sol òg, mellom byene. Og frå onsdag ettermiddag har vindfeltet slakka av og det vil bli skiftande bris, men det kan framleis koma noko sludd eller snø.