NRK Meny
Normal

Meiner Sametinget tar parti med dei store

Små reineigarar må skjermast for krav om å slakte ned flokken, meiner tidlegare reindriftstopp. Han meiner Sametinget og Stortinget tar parti med dei store reineigarane.

Tamrein

TAMREIN: For mange rein og for lite mat har gjort at staten har innført tvangsreduksjon av reinflokkar.

Foto: Knut-Sverre Horn

For mykje rein på Finnmarksvidda har gjort at myndigheitene har pålagt reineigarar å redusere talet på rein i flokken. Reduksjonskravet har slått hardt ut mot unge reindriftsutøvarar med mindre flokkar, som Jovsset Ánte Sara, som nekta å redusere sin flokk. Sara vann mot staten i tingretten, og ventar no på dom i ankesaka i lagmannsretten.

Reindriftstopp John Henrik Eira meiner Sametinget har øydelagt ein historisk moglegheit til å hindre at statens slaktekrav rammer dei minste flokkane. Han har tatt til orde for eit vern av flokkar som er mindre enn 200 dyr.

– 200 dyr er ei passande grense. Då har ungdommen ein sjanse til å bygge opp ein flokk frå null. Det er jo ikkje mange unge som i dag startar med eit stort reintal. Ungdommen må få sjanse til å etablere seg, seier han.

Biti og Sara

Advokat Trond Biti og Jovsset Ánte Siri under rettsforhandlingar i Tromsø.

Foto: Robin Mortensen/NRK

– Skuffa over Sametinget

Jovsset Ánte Sara frå Kautokeino har nekta å slakte ned sin flokk til 75 dyr. 25 år gammal er han ung i næringa, og ifølge Sara er det ikkje liv laga med ein flokk på den storleiken. Det er nettopp dei unge i oppstartsfasen Eira vil det skal takast omsyn til.

Eira var leiar i Norske Reindriftssamers Landsforbund og sat i utvalet som leverte forslag til ny reindriftslov. Utvalet foreslo der eit botnfrådrag på 200 rein. Loven blei vedtatt i 2007, men utan ein minstegaranti.

– Eg er mest skuffa over Sametinget, med NSR som argumenterte mot botnfrådraget i konsultasjonane, seier Eira.

I 2007 var Aili Keskitalo, frå Norske samers riksforbund (NSR), Sametingspresident, og skreiv i eit notat til landbruksministeren at ho støtta eit mindretallsvern. Men ho ville ikkje at grensa på 200 skulle stå i loven.

Aili Keskitalo med hendene i fold i Sametingets plenumssal

Aili Keskitalo

Foto: Dragan Cubrilo / NRK

Godtar ikkje kritikken

Keskitalo godtar ikkje kritikken, og viser til at dei støtta kravet før saka kom til Stortinget.

– Då vil eg vise til lovproposisjonen. I begge dokumenta går det fram at Sametinget på det tidspunktet støtta eit botnfrådrag i reintallsreduksjon.

Eira meiner likevel Sametinget skada saka, fordi dei då sa så klart nei i første omgang. I fjor endra Stortinget loven på ny. Men heller ikkje då fekk reineigarane nokon garantert minstestorleik på flokken.

Politikarane var bekymra for at det skulle gå ut over lønnsemda til de største reineigarane, de som har rein som heiltidsjobb; for mange av dei har òg anna levebrød. Det er eit problem Eira vedgår vil vere der.

– Det er jo ikkje riktig, men om lovparagrafen blir slik, så må det òg gjelde deltidsutøverane. Men dei er det heldigvis ikkje så mange av, seier Eira.