NRK Meny
Normal

Vil legge ned Kystaksjonen

Styret i Kystaksjonen har ikkje kunna ha årsmøte, fordi dei ikkje har fått medlemslistene frå styreleiar Trond Einar Olaussen. No vil Olaussen legge ned heile Kystaksjonen.

Trond Einar Olaussen

Styreleiar Trond Einar Olaussen i Kystaksjonen vil foreslå Kystaksjonen nedlagt.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

– Førre styremøte vart det avtalt at eg og Kristin Mørch skulle ta initiativ til å innkalle til årsmøte, seier styremedlem Tore-Jan Gjerpe.

Men det forutsatte at dei fekk tilgang til dei dokumenta som viser kven som er medlem. Det har dei ikkje fått enno, og Gjerpe seier det derfor ikkje har vore mogleg for dei å kalle inn til møtet.

Ved eit møte i mars trakk alle representantane frå Arbeiderpartiet seg frå styret i Kystaksjonen. Mørch og Gjerpe sat då aleine att i styret, som einaste representantar.

Sidan den gong har dei prøvd å få tak i medlemslistene, men utan hell.

Tore-Jan Gjerpe

Tore-Jan Gjerpe er ein av bare to gjenverande i styret for Kystaksjonen.

Foto: senterpartiets pressefoto

Styreleiar Trond Einar Olaussen seier i ein e-post til NRK at han har venta på at rekneskapen skulle bli ferdig revidert, men at han no vil kalle inn til årsmøte. Vidare skriv Olaussen at han vil foreslå Kystaksjonen lagt ned.

Leiar Trond Einar Olaussen sa allereie i mars at han hadde varsla sin avgang for lengst.

– Då eg blei føreslått som ordførarkandidat for Gamvik Arbeidarparti, signaliserte eg at det ville vere uforenlig med å vere i ei aksjonsgruppe, sa Olaussen då til NRK.