Hopp til innhold

Vil ha storkontroll av turistfisket

Systematisk tilrettelegging for overfiske og skattesvik er berre noko av meldingane Nordkapp kommune får frå turistfiskebransjen. Ordføraren er redd den ulovlege drifta vil undergrave heile næringa og vil ha fleire kontrollar.

Kristina Hansen med cruiseskip i bakgrunnen

ØNSKER STORKONTROLL: – At verksemdene blir drive lovleg er viktig for alle, for ulovleg verksemd bidrar til å undergrave heile næringa, seier ordførar i Nordkapp kommune, Kristina Hansen, som ber om strengare regelverk.

Foto: Carl-Gøran Larsson / NRK

Gjennom fleire år har Nordkapp kommune fått melding om ulovleg drift innanfor turistfisket.

Rapporteringane til kommunen går på at aktørar ikkje betaler skatt- og mva., arbeidsmiljørelaterte forhold, og at enkelte bedrifter systematisk legger til rette for uttak av større kvanta enn det som er lovleg å ta med over grensa.

Meldingane om ulovleg drift kjem frå aktørar i turistnæringa.

– Dersom forholda som er beskrive stemmer, ser Nordkapp kommune svært alvorleg på dette, seier ordførar, Kristina Hansen, som vil ha storkontroll i sommar.

Ordføraren ber derfor no om at politi, tollvesen, arbeidsmiljøtilsynet og Skatteetaten gjennomfører kontroll av turistfiske i kommunen.

– Eg trur ikkje Nordkapp kommune er aleine om dette problemet. Det går nesten ikkje ei veke utan at me høyrer om folk som er tekne på veg ut av landet med alt for store kvanta fisk.

Måndag kveld vart det gjort eit nytt beslag. Denne gang på tollstasjonen i Kivilompolo i Finnmark, på grensa til Finland.

Ifølge tollvesenet vart det der tatt beslag i 200 kilo torskefilet frå eit tysk reisefølge.

Tollbeslag fisk

Måndag gjorde tollvesenet beslag i 200 kilo torskefiletar. Eit tysk reisefølge fekk ifølge politiet eit førelegg på 11.300 kroner.

Foto: Tollvesenet

Berre toppen av isfjellet

Tollvesenet kontrollerer om turistane ikkje tar med seg meir enn den lovsette grensa på 15 kilo per person. Men før grensa er kryssa, har ikkje storfiskarane gjort noko ulovleg.

– Det er først på grensa at vi kan ta dei, seier direktør i Tollvesenet, region Nord, Tom Olsen.

Han seier problemet med overfiske blant turistfiskarar, har auka på sidan turistfisket slo om seg i 2009, og at problemet er større enn det dei ser på grensa.

– Det vi tar beslag i på grensa er ofte dei finaste filetane. Resten er skore vekk, så når vi tar 200 kilo filet på grensa, er mengda fisk tatt opp mykje større. Vi ser berre toppen av isfjellet, seier Olsen.

Han ønsker initiativet frå Nordkapp-ordføraren velkommen, og seier at dei vil halde jamlege kontrollar gjennom sommaren.

– Men det står om ressursar. Og storfiskarane veit kva stasjonar som ikkje er døgnbemanna, og når vi er stengt, seier Olsen.

Han trur fleire kontrollar ved mottaka, der fisken blir tatt opp, vil kunne vere verknadsfullt.

Arbeidstilsynet og politiet har ikkje svart på førespurnadane frå NRK måndag kveld.

Tollbeslag torsk

Torskefiletane som er gjort beslag av, utgjer berre ein liten del av den totale mengda torsk som reisefølget har tatt opp.

Foto: Tollvesenet

Flere nyheter fra Troms og Finnmark