NRK Meny
Normal

Vil ha namnet Barents Observer fjerna

– Vi har fått brev frå styret i Barentssekretariatet, der dei ber oss fjerne den delen av namnet vårt som er Barents Observer. Det seier Thomas Nilsen, redaktør i The Independent Barents Observer.

Styremøte Barentssekretariatet 22.okt 2015

På styremøtet i Barentssekretariatet denne veka bestemte styret å legge ned Barents Observer i si noverande form.

Foto: Eskil Mehren / nrk

Styret i Barentssekretariatet bestemte på fredag at nettstaden Barents Observer skal leggast ned i si noverande form.

No har Barentssekretariatet òg bedt The Independent Barents Observer om å endre namnet på nettavisa.

Thomas Nilsen er tidlegare redaktør i Barents Observer, men starta, saman med tidlegare tilsette i Barents Observer, den nye nettavisa The Independent Barents Observer.

Dette skjedde etter at ei pågåande konflikt mellom Nilsen og eigarane av Barents Observer endte i at Nilsen mista jobben som redaktør.

Nilsen meiner styret i Barentssekretariatet ikkje har noko rettar til namnet Barents Observer. Ifølge Nilsen er dette eit namn som Atle Staalesen etablerte som gründer i si private nettavis i 2003, lenge før han starta i Barentssekretariatet.

Thomas Nilsen

Å angripe oss etter at vi har etablert vår eigen avis på denne måten er hemngjerrig og på ingen måte det offentlege Norge verdig, seier redaktør i The Independent Barents Observer.

Foto: Gyda Hesla

– Eg opplev det som utruleg frekt og barnsleg at styret no forfølgjer oss i eit forsøk på å ytterlegare bryte ned det vi har bygga opp, seier Nilsen.

– Styret i Barentssekretariatet, som representerer dei tre nordnorske fylkeskommunane, har i denne prosessen berre bidratt til å bryte ned redaksjonen og det unike journalistiske produktet vi har bygget opp, seier Nilsen.

Thomas Nilsen har fått frist til måndag på å endre namnet.