Hopp til innhold

Vil ha 21 000 arbeids­plassar heim til Noreg

Norsk fisk skaper 21 000 arbeidsplassar i europeiske land. Under halvparten så mange er sysselsette i den norske fiskeindustrien.

Louis Martinez

Luis Martinez og dei andre på Pescaderías Coruñesas fileterer, krydrar og røyker laksen sjølv. Slik vil dei ha det, òg i framtida.

Foto: Jan Harald Tomassen

På fiskebutikken Pescaderías Coruñesas i Madrid blir norsk laks og torsk tilverka for sal til spanske kundar.

Luis Martinez har jobba i denne butikken i 30 år. Han held på å fjerne bein frå norsk laks medan NRK er på besøk.

– Kvar del av prosessen går føre seg manuelt, forklarer salssjef Javier Botana. Han fortel at laksen skal røykast etter at beina er tatt ut.

Røyking og anna tilarbeiding av fisk gir jobb til eit titals personar i denne butikken. Det er arbeidsplassar som fagforbundet Industri energi vil ha til Norge.

Norsk fisk i Spania

Salssjef ved Pescaderías Coruñesas, Javier Botana (t.v.) og butikkmedarbeidar Luis Martinez

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Ein større del av dei arbeidsplassane og ein større del av verdiskapinga i vidareforedling burde ha kome til Norge og gi sikre arbeidsplassar her, seier nestleiar i Industri energi, Frode Alfheim.

Det er ein rapport frå seniorforskar Roger Richardsen i SINTEF som visar at om lag 21.000 arbeidsplassar er etablert i EU-landa med foredling av norsk sjømat. Til samanlikning skapar norsk sjømat 9000 arbeidsplassar i Noreg.

Vil ha alternativ til oljejobbar som forsvinn

Fleire fagforbund ønsker no at meir av dei europeiske arbeidsplassane knytt til norsk fisk blir flytta heim til Norge. Dei vil at fisk som blir fanga på norske kvotar skal bli levert og produsert i Norge.

Frode Alfheim

Nestleiar i Industri energi, Frode Alfheim.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Gjer du dette på rette måten, så vil du få ut enda større eksportverdi av det vi allereie tener mykje pengar på, seier Alfheim.

– Det aller viktigaste er at vi greier å få fleire arbeidsplassar som gir kystsamfunna fleire føter å stå på.

Det trengs alternativ til oljeindustrien, og det er ein viktig grunn til at fagforbunda vil flytte fiskeriarbeidplassar heim igjen, seier Alfheim.

– Vi er nøydde til å vere på topp med teknologi og ha høgt utdanna arbeidsstokk. Det vil gjere oss i stand til å konkurrere med dei som tar imot råstoffet i dag, seier han.

Alfheim trur det skal væra mogleg å snu straumen av arbeidsplassar om næringa og styresmaktene i fellesskap legg betre til rette for meir foredling av fisk før den blir eksportert.

Røyker helst laksen sjølv

Men fiskehandlaren i Madrid vil helst gjere jobben sjølv. For han er det fersk og ubehandla fisk som gjeld.

– Vi føretrekkjer å røyke det med egne maskiner og med vår eigen oppskrift, seier Javier Botana.

Kundar står i kø for å få handle hos Botana, og han fortel at røykelaksen frå Pescaderías Coruñesas er berømt i den spanske hovudstaden, og at kvaliteten er best varetatt om dei gjer jobben sjølv.

Norsk fisk i Spania

MADRID: I denne fiskebutikken i Madrid i Spania, er eit titals menneske sysselsette med tilarbeiding av blant anna norsk fisk.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark