Hopp til innhold

Vil bygge ut kai i Kirkenes saman med stat og kommune

Statens vegvesen og kommunen kjem denne veka til å signere ein avtale som startar reguleringa av området kalla Høybukta vest – utpeikt som staden der den nye hovudhamna for Kirkenes skal etablerast.

Cristian Valdes Carter og Greger Mannsverk

Den opphavlege planen til Cristian Valdes Carter og Kirkenesbase AS er å etablere seg på Pulkneset – eit område like nord for Høybukta vest. Likevel opnar Carter og Greger Mannsverk, Kimek-direktør og medeigar i Kirkenesbase, å gå saman med kommunen om Høybukta vest.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Går alt etter planen vil dette arbeidet ta halvanna år, opplyser Statens vegvesen, som denne veka var i Kirkenes for å møte kommunen og private utbyggarar.

Etter at reguleringa er ferdig står blant anna Kirkenesbase AS klare til å etablere seg i området, seier dagleg leiar Cristian Valdes Carter.

Kart Kirkenes

Dette kartet utarbeida av Statens vegvesen viser dei ulike alternativa for kaiutbygging i Sør-Varanger. Kommune og stat har no landa på alternativet Høybukta vest, heilt til venstre i biletet.

Foto: Statens vegvesen

Fleire rundar

I fleire år har saka rundt ei ny storhamn, ein såkalla stamnett-terminal i Kirkenes, gått sine rundar i Sør-Varanger kommune og ulike statlege etatar.

Tilbake i 2013 stemte kommunestyret for å legge terminalen til eit område kalla Leirpollen.

Men etter at regjeringa i desember peika på området like nedanfor Kirkenes lufthamn har både Statens vegvesen, Kystverket og kommunen denne våren blitt samde om eit felles alternativ.

– Det betyr at vi kjem oss vidare med prosessen, seier Carter.

Audun Celius i Tschudi Kirkenes

Audun Celius i Tschudi Kirkenes seier dei ikkje kjem til å flytte seg frå Slambanken.

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

Vil samarbeide

Kirkenesbase, som er eid av basegiganten CCB, eigedomsutbyggaren Barlinghaug og lokale investorar, seier no at dei er klare til å gå i samarbeid med andre industriaktørar om Høybukta vest – også konkurrentar.

For Tschudi Kirkenes, som i mange år har jobba for å bygge ut sitt KILA-prosjekt, ein stor godsterminal i området Slambanken like sør for Kirkenes sentrum, er det uaktuelt med eit samarbeid om Høybukta vest, seier dagleg leiar Audun Celius.

– For oss er det ikkje aktuelt å gå inn og vere leiande utviklar der. Vi har eit areal som har lågare kostnad, og vi er eigarar av området. Så det er ikkje aktuelt for oss, seier Celius.

Kirkenes havn

I fleire år har saka rundt ei ny storhamn, ein såkalla stamnett-terminal i Kirkenes, gått sine rundar i Sør-Varanger kommune og ulike statlege etatar.

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

Kan skrote Pulkneset

Den opprinnelege planen til Carter og Kirkenesbase AS er å etablere seg på Pulkneset – eit område like nord for Høybukta vest.

Enn så lenge jobbar selskapet vidare med begge områda.

– Pulkneset er eit eige prosjekt som vi held fram med, men det er klart at det ikkje er god økonomi i å bygge ut ein hamn og ein base nokre kilometer frå kvarandre. Så vi må også sjå om vi kan konsolidere aktivitetar. Det har vi signalisert lenge. Så vi kan godt etablere oss på Høybukta vest, viss dette området peiker seg ut som eit stad å satse, seier han.

Sør-Varanger kommune opplyser at de har mottatt eit forslag til avtaletekst mellom Kirkenesbase AS og kommunen om utvikling av Høybukta vest, men at det foreløpig ikkje er inngått nokre bindande avtale.

Norterminal ønskjer ikkje å kommentere denne saken før ein endeleg avtale mellom Sør-Varanger kommune og Statens vegvesen om regulering av Høybukta vest er signert, opplyser selskapet til NRK.