Utetida blir kjedeleg dersom dei vaksne manglar kompetanse

– Man tenker ofte at ungane set avgrensingane i det å vere ute, men som regel er det dei vaksne som frys og vil inn, seier Lillian Hammari Opgård.

Barn i IMI barnehage

UTELEIK: I minus 18 gradar kosar barnehagebarna seg i ute ved IMI barnehage i Finnmark.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Temperaturmålaren viser 18 minusgrader, og kaldare skal det truleg bli. Men barna ser ikkje ut til å la seg påverke i utebarnehagen. Dei er i full aktivitet.

– Så lenge barna har godt med klede, trivast og har engasjerte vaksne rundt seg, så er det ikkje noko problem, fortel Lillian Hammari Opgård.

Ho er barnehagelærar i ein utebarnehage som legg ekstra stor vekt på natur og friluftsliv. Dei er ute i all slags vêr, men det er ikkje ei sjølvfølge for alle andre barnehagar.

Fekk ikkje vidare støtte

For tre år sidan utvikla og støtta Friluftslivets år 2015 samarbeidsprosjektet «Naturpilotene» i regi av Private barnehagers landsforbund (PBL). Hensikta var å gi tilsette kompetanse i korleis man brukar naturen og har uteaktivitetar.

Kursplassane blei fullbooka på eit blunk og over 2000 tilsett i barnehagesektoren deltok. Norsk Friluftsliv søkte om å støtte til å vidareføre prosjektet året etter, men fekk avslag.

– At dei vaksne sjølv har kompetanse og interesse for å vere ute er sentralt. Dersom ungane blir sitjande i ro, blir dei raskt kalde eller begynner å kjede seg, seier førstelektor Inger Wallem Krempig.

IMI barnehge Finnmark

SÅPEBOBLER: Det å blåse såpebobler i mange minus kan vere ein fin aktivitet. Kva skjer dersom boblene frys?

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Treng meir utdanning

Krempig jobbar ved barnehagelærarutdanninga til UiT. Ho meiner det er viktig at barnehagepersonalet ser moglegheita for leik, bevegelse og pedagogiske aktivitetar også når barna er ute.

– Utetida er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet i barnehagane. Òg naturen eller uteområdet gir mykje stimulig til å vere i fysisk aktivitet, utvikle motorikken og det sosiale samspelet barna imellom.

Barn i IMI barnehage

BYGGEPROSJEKT: Barna ved utebarnehagen har eit byggeprosjekt på gang. – At det ikkje finnast dårleg vêr, berre dårlege klede, er faktisk ikkje ein klisje, seier barnehagelæraren Lillian Hammari Opgård. Ho er barnehagelærar ved IMI barnehage i Finnmark.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Det er stor interesse for å lære meir om korleis man aktiviserer barnehagebarn ute. På alle barnehagelærarutdanningane har man eit fag som heiter «natur, helse og bevegelse», men mange ønskjer å lære meir. Dette har Universitetet i Tromsø teke tak i.

– Elevane på tredje studieåret ønska ei fordjuping. Dermed har vi starta opp eit nytt fordjupingsemne som heiter «barn utforskar naturen». Dette går på å bruke utetida på ein god måte, seier Krempig.

Kosar seg i minusgradene

– Det er mange spennande ting å finne på. Ein kan måle på snøen, halde på med is, bygge og leike, seier barnehagelæraren Lillian Hammari Opgård.

Òg barna ved utebarnehagen ser ut til å ha fullt opp med prosjekt.

Brn i IMI barnehage

FULL AKTIVITET: Det sosiale samspelet som skjer ute er på ein annan måte enn det som foregår inne.

Foto: Kzenia Novikova / NRK