Hopp til innhold

Utbetrar alle kommunale barnehagar for å hindre overgrep

Dører med vindauge til alle rom skal gi større tryggleik for barnehagebarn. Etter fleire alvorlege overgrepssaker i norske barnehagar tar Alta kommune grep.

Gry Merete Røe, Breidablikk barnehage

DØR MED GJENNOMSYN: Barnehagestyrar Gry Merete Røe i Breidablikk barnehage i Alta framfor ei av dørene som ikkje må bytast ut. Over nyttår vil kommunen bytte ut alle dører, òg dører til toalett og stellerom med dører med gjennomsyn.

Foto: Marte Lindi / NRK

– Dette kan virke førebyggande, det å vite at nokon kan sjå deg til kvar ein tid.

Det seier Gry Merete Røe, styrer for Breidablikk kommunale barnehage i Alta. Ho er glad for at kommunen no set i gang dette tiltaket mot seksuelle overgrep i barnehagane.

Det var Ifinnmark som omtale saken først.

I oktober sikta politiet i Alta ein mannleg barnehagetilsett for seksuelle overgrep mot eit barn. I januar blei ein mann i Tromsø dømt til forvaring for overgrep mot 15 barnehagebarn.

– Eg ønsker alle tiltak som kan vere med på å førebyggje eventuelle overgrep velkommen, seier Røe.

Ein gjennomgang av det fysiske miljøet i dei kommunale barnehagane i Alta, viser at det er for mange rom der krenkande åtferd kan skje. Dei tilsette i barnehagane ønsker at det skal vere innsyn til alle rom der det er naturleg at barn oppheld seg saman med vaksne.

Tar grep etter overgrepssaker

– Tilbakemeldingane frå dei barnehagetilsette er at det å sørge for at dei situasjonane der vaksne er aleine med barn blir færre, seier Per Hindenes, spesialrådgivar i Alta kommune, og ansvarleg for kommunens barnehagar.

– Dei situasjonane kor det er arbeid med barn i intimsfæren til barn, då skal ein sørge for at det er synleg og gjennomsiktig slik at det ikkje skal vere ein arena for noko anna enn den omsorga vi skal vise, seier han.

Per Hindenes, Alta kommune

Spesialrådgivar i Alta kommune, Per Hindenes, barn og unge sektoradministrasjon.

Foto: Marte Lindi / NRK

– Saka her i Alta og den i Tromsø viser at vi ikkje klarer å luke ut tidleg nok, og vi er nøydde å gjere dei tinga vi kan for at barn skal vere trygge, seier Hindenes.

– Vi ønsker at barnehagane skal vere sånn at dei er transparente og at barn og vaksne kan føle tryggleik. Vi ønsker å førebyggje det å i det hele tatt tenke på dette, seier han.

Utbetringane vil starte over nyttår, og skal etter planen vere ferdig i løpet av 2017.

Alta kommune ser no over kostnadane for prosjektet, men seier at dette er noko rådmannen garanterer skal gjennomførast.

– Vi skal sørge for at vi gjer alt det vi kan for at barn skal vere trygge, og for at foreldre skal vite at vi tar dette på alvor, seier Hindenes.

Fasade av Breidablikk barnehage

Breidablikk barnehage er ein av dei kommunale barnehagane i Alta som skal bli meir transparente med nye dører.

Foto: Marte Lindi / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark