NRK Meny

Ungdomsfiske i Måsøy

Åtte gutar mellom 15 og 22 år fekk i sommar prøva seg som fiskarar i Måsøy, det skriv fiskeribladet.no. – For ein fiskerikommune er det viktig at ungdomen som veks opp her får prøva det og tene litt pengar, seier dagleg leiar i Måsøy Vekst, Even Johansen, til bladet. Etter tre vekers fiske kom den beste lotten på 17500 kroner.