Hopp til innhold

Tunnelen kan bli opna fredag

Statens vegvesen gjennomførte ei vellukka sprenging ved Falkebergtunnelen i dag. Det er håp om at tunnelen blir opna igjen fredag. Då vil ein langvarig unntakssitusjon for Sørvær vere over. Dei har sidan 21. desember i lange periodar vore isolerte frå omverda som ein følgje av raset som gjekk då.