NRK Meny
Normal

Tunisiar prøvde å kome seg til Norge – arrestert av russiske grensevakter

I løpet av det siste året har fleire personar prøvd å ta seg ulovleg over grensa mellom Russland og Norge.

Storskog tollstasjon

Denne veka arresterte russiske grensevakter ein person frå Tunisia, då personen prøvde å ta seg ulovleg forbi grensegjerdet på russisk side av grensa mot Norge. Her frå grensestasjonen på Storskog på den norsk-russiske grensa.

Foto: Nils Henrik MÅsø / NRK

Måndag vart ein tunisisk statsborgar arrestert i det han prøvde å ta seg ulovleg over grensa frå Russland til Norge i Pechenga-området. Det er The Independent Barents Observer som siterer den russiske avisa Murmanski Vestnik på dette.

– Når slike episodar skjer får vi som normalt beskjed frå russisk hald. Vi har inntrykk av at dei har god kontroll på si side og set inn nødvendige tiltak når slikt skjer, seier grensekommissær Roger Jakobsen til NRK.

Personen skal ha blitt fanga om lag 150 meter på innsida av sperringa.

Roger Jakobsen, grensekommissær

Grensekommissær Roger Jakobsen har inntrykk av at FSB, den russiske sikkerheitstenesta, har god kontroll på si side.

Foto: Tarjei Abelsen/NRK

Første tilfelle i 2018

Ifølgje Barents Observer var dette sjuande gongen det siste året at nokon – åleine eller saman med andre – har prøvd å krysse grensa til Norge på ulovleg vis.

I løpet av denne perioden har personar frå Republikken Kongo, Den demokratiske republikken Kongo, Afghanistan, Syria, Marokko, Iran og no seinast altså Tunisia prøvd å ta seg over grensa.

– Vi kjenner til desse tilfella, men vi har ingen god statistikk på dette frå 2016 og tidlegare, fortel Roger Jakobsen.

Politimeister i Finnmark, Ellen Katrine Hætta, forklarer at det på russisk side av grensa står eit stort sperregjerde. Nokre stader er gjerdet tre kilometer, andre stader opp i éi mil.

Det var dette gjerdet personen frå Tunisia skal ha prøvd å kome seg over – utan å lukkast.

Laster kart, vennligst vent...

Den norsk-russiske grenseovergangen var mykje omtala i 2015, då om lag 5500 innvandrarar kom – ofte syklande – for å søke asyl i Norge. Denne straumen er over, men no og då prøver personar frå Afrika og Asia å ta seg ulovleg over grensa.

Jakta på betre liv

Ellen Katrine Hætta fortel om ein god dialog med FSB, den russiske sikkerheitstenesta. I utgangspunktet får dei berre ei melding når ein person prøver å ta seg over grensa ulovleg. Men det kan også vere at FSB informerer om at det er fleire personar ute i terrenget, eller liknande forhold.

– Det er både i vår og FSB si interesse at det er fredeleg i grenseområdet. Eg trur det er viktig for begge partar at det ikkje går føre seg illegal grensekryssing, seier politimeisteren.

Politiet har også jamleg møte med FSB der dei utvekslar informasjon. Dei blir dessutan orienterte om korleis det går med straffesakene til personane som prøver å krysse grensa.

Politimester Ellen Katrine Hætta

Politimeister i Finnmark, Ellen Katrine Hætta, seier dei har ein god dialog med FSB, den russiske sikkerheitstenesta. Ifølgje Hætta er det i alle si interesse at det er fredeleg i grenseområdet.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Det er ganske vêrharde område ved den norsk-russiske grensa. Det er ikkje noko greitt område å ta seg over verken vinter eller sommar, seier Hætta til NRK.

NRK har så langt ikkje lukkast i å få FSB i tale.

Ifølgje ei pressemelding dei har sendt ut til russisk media skal personen frå Tunisia som vart arrestert ha vore papirlaus. Mannen skal ha sagt til dei russiske grensevaktene at han prøvde å kome seg over til Norge fordi han er på jakt etter eit betre liv.