Hopp til innhold

Truslar mot Fylkesmann-tilsette politimeldt

I nærare eit halvt år har ein mann sendt sterkt sjikanerande meldingar til ei rekke tilsette hos Fylkesmannen i Finnmark.

Statens hus i Finnmark

Her til Statens hus i Finnmark, der Fylkesmannen i Finnmark har kontor, har ein mann sendt sjikanerande brev og epostar.

Foto: Statsbygg

– Det er eit ganske stort volum med e-postar. Vi opplev det som sjikanøst og lurer på om det kan karakteriserast som trakassering.

Det seier fungerande avdelingsdirektør på helse- og sosialavdelinga hos Fylkesmannen i Finnmark, Linda Kråkenes.

E-postane er sendt til tilsette på alle avdelingar hos fylkesmannen over ein periode på fire til fem månader.

Dei kjem alle frå same mann, og er komne i form av brev og e-post. Ved Fylkesmannen i Finnmark har dei no valt å melde saka til politiet.

Linda Kråkenes

Linda Kråkenes, fungerande avdelingsdirektør på helse- og sosialavdelinga hos Fylkesmannen i Finnmark

Foto: Trine Vidunsdatter / NRK

– Vi har meldt dette til politiet for å få ei politifagleg vurdering på innhaldet i førespurnadane, seier ho.

– Vi som arbeidsgjevar må prøve å verne dei som blir utsett for sånne førespurnader, og prøve å handtere det på best mogleg måte, seier ho.

Ifølge Kråkenes har dei ikkje opplevd liknande før ved Fylkesmannen i Finnmark.

– Som offentleg tenestemann så skal ein rekne med kritikk og vi skal sjølvsagt vurdere om vi gjer ein god nok jobb, men dette vurderer vi som noko ein offentleg tilsett ikkje skal måtte bli utsett for, seier ho.

Kråkenes vil ikkje seie noko nærare om innhaldet i meldinga dei har fått, men ho seier at fylkesmannen er eit organ som tar ein del avgjerder som folk kan oppleve som urettferdige eller som dei er ueinige i, som enkelte kan reagere på.

Kan føre til sjukemelding

Fagforbundet i Finnmark arrangerer eigne kurs for medlemmer som opplever trakassering.

Konsekvensane kan nemleg bli alvorlege for dei som blir utsett for slikt, seier fylkesleiar i Fagforbundet i Finnmark, Bjørg Tapio.

– Det kan føre til sjukefråvær, kanskje sjukemelding etter kvart, før saka si eigentlege kjerne kjem på bordet, seier Tapio.

Ho seier det er viktig at arbeidsgivar tar tak i problemet om nokon melder frå om sjikanering. Fagforbundet veit ikkje kor omfattande problemet med hets og sjikane mot offentlege tilsette er, men seier det er stor interesse for å kome på kursa dei arrangerer. At slike brev og e-postar har ført til politimelding har ho derimot aldri høyrt om.

– Eg har ikkje vore borti at ein har politimeldt det. Det høyrest veldig alvorleg ut, seier ho.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark