NRK Meny
Normal

Trur utvising av asylsøkarar er straff frå Russland

– Norge har yppa seg mot supermakta, nabostaten i øst, og det blir vi rett og slett straffa for, meiner tidlegare Moskva-korrespondent, Kjell Dragnes.

Pulje med flyktninger på Storskog grensestasjon, Sør-Varanger

STORSKOG: Justisministeren ville sende asylsøkarar med opphaldsløyve i Russland tilbake over grensa. Men no har russiske myndigheiter byrja å utvise dei frå Russland.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Denne veka kom justisminister Anders Anundsen (Frp) med klar beskjed om at asylsøkjarar med russisk opphaldsløyve skal returnerast over grensa.

Men det er blitt så å seie umogleg etter at Russland byrja å utvise asylsøkjarar for å hindre at Noreg sender dei tilbake over grensa i Finnmark.

Kjell Dragnes

Det som no er i ferd med å utspele seg er storpolitikk, seier kommentator i Aftenposten og tidlegare Moskva-korrespondent, Kjell Dragnes til NRK.

Foto: Signe Dons / Aftenposten

Kommentator i Aftenposten og tidlegare Moskva-korrespondent, Kjell Dragnes, trur den nye praksisen frå russisk side må sjåast i samanheng med den norske regjeringas reaksjonar mot Russland etter russisk innblanding i Aust-Ukraina og annekteringa av Krim.

Norge valde då å slutte seg til sanksjonane som EU innførte.

Ikkje første gong

– No ser Russland moglegheita for å straffe Noreg ved å sende uønskte personar eller andre personar, over grensa til Noreg ved å utvise dei, fortel Dragnes.

Han seier dette ikkje er første gong ein ser at Russland straffer Noreg for handteringa av Krim-annekteringa, og viser til Russlands forbod mot import av blant anna norsk fisk.

Dragnes meiner Noreg bør invitere til dialog, men samstundes vere tydeleg overfor Russland.

– For det første så bør vi halde fast på den politikken som vi har overfor Russland, å vise at ein ikkje vik. For er det noko ein forstår i aust, så er det fastleik, seier han.

Han meiner både utanriksministeren og statsministeren bør ta kontakt på høgste plan i Moskva, og fortelje at den slags situasjon som no utviklar seg, det er noko som ikkje blir godtatt frå norsk side.

– Men om ein er lydhøyr i Moskva, det er jo ein helt annan sak, legg han til.

Retorikken har endra seg

Statsviter Andrea Nilssen

Statsvitar Andrea Nilssen var sjølv student i Russland våren 2014, då annekteringa av Krim var eit faktum.

Foto: Tron Trondal / UiO

– Når regjeringa uttaler seg om Russland, så er det ein krassare retorikk som kjem fram, forel statsvitar Andrea Nilssen.

– Det er òg eit gjennomgåande trekk at ein legg vekt på det sikkerhetsmessige, medan det bilaterale blir meir som eit haleheng, seier statsvitar Andrea Nilssen.

Nilssen er akkurat ferdig med si masteroppgåve om Noregs Russland-retorikk, ved Universitetet i Oslo.

Ho har sett på uttalingar frå statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Arbeidet hennar viser at Noregs forhold til NATO og USA er blitt viktigare enn det bilaterale forholdet mellom Noreg og Russland.