Stortinget har vedteke at alle kommunar i landet skal ha tilgang på psykologkompetanse innan 1. januar 2020. Ei oppteljing frå i fjor viste at berre om lag halvparten av kommunane hadde dette på plass, ifølgje Helsedirektoratet.
I Finnmark har berre seks av 19 kommunar kommunepsykologar. Og i eit fylke med store avstandar mellom tettstadene fryktar mange at fleire droppar å gå til psykolog, fordi dei ikkje orkar å bruke mange timar på reiser.
– Eg trur definitivt at det er slik. Kanskje tenkjer mange at vinninga går opp i spinninga når ein må køyre fleire timar for å gjennomføre ein samtale. Det kan for mange vere krevjande i den situasjonen dei står i. Å ha eit nært og godt forhold til den kommunen dei bur i, kan for mange vere avgjerande, meiner Marit Karlsen
Ho er landsstyrerepresentant i Allmennlegeforeningen og hovudtillitsvalt for allmennlegane i Finnmark.
– Treng kjappe tiltak
Karlsen får støtte av Turid Janita Lehto, leiar i Mental Helse Finnmark.
– Vi veit jo at det har vore rekrutteringsproblem i heile Norge omtrent. Og det er jo spesielt vanskeleg å rekruttere psykologar til kommunar med låge folketal. Skal Finnmark vere i mål innan 2020 så det gjerast tiltak – og det fort, er beskjeden frå Lehto.
Og legg til at det i eit fylke som Finnmark er vanskelegare å få tilgang til private psykologar enn det er i sentrale strok.
Lehto fryktar for konsekvensane om det ikkje situasjonen betrar seg snart, men trøystar seg med at situasjonen ikkje kan bli verre enn han er no.
– Ikkje så ille
Alle kommunar kan vere med i ei tilskotsordning der dei får 400.000 kroner per år for å opprette kommunepsykolog-stillingar.
I Finnmark har seks av dei 13 kommunane som manglar kommunepsykolog slutta seg til dette programmet, utan å få napp så langt.
– I regional samanheng er ikkje dette så dårlege tal. Men vi håper sjølvsagt på endå betre tal etter kvart. For denne tenesta er veldig viktig, ikkje minst for utsette born og unge i kommunane, seier assisterande fylkeslege, Marit Gansmo.
– Pasientane er nøgde
Ein av dei seks kommunane i Finnmark som har tilgang på psykologkompetanse er Kautokeino. Der deler to psykologar på ei 100 prosent-stilling i kommunen, i tillegg til at dei jobbar i spesialisthelsetenesta.
Ein av dei, Margrethe Bals Utsi, opplever at pasientane i Kautokeino er godt nøgde med tilbodet.
– Først og fremst fordi tilbodet er så lett tilgjengeleg. Det er ikkje lang venteliste, det er gratis og ein bestemmer sjølv kor lenge ein ønskjer oppfølging – så lenge det ikkje er veldig alvorleg, seier Utsi.