NRK Meny
Normal

Trongt nålauge til første jobb

For mange er sommarjobben det aller første møtet med arbeidslivet. Då kan det vere trygt å starte med beina godt planta på jorda – i parketaten.

Husker du hva sommerjobb-pengene ble brukt på?

SOMMARJOBB: Unge som jobbar for Alta kommune er fornøgd med å ha funnet sommarjobb. Planane er allereie lagd for korleis lønninga skal brukast. FOTO: Nathália Pimenta/NRK

På sommaren blir midtrabattar og grøntareal fylt opp av refleksvestkledde ungdommar, klare for å gjere skuleferien utbytterik.

Anna Utkilen, frå avdeling for miljø, park og idrett i Alta kommune, får kvart år gi ei handfull ungdommar den gode nyheita: av 280–300 jobbsøkande har akkurat du fått sommarjobb i kommunen.

Anna Utkilen, Alta kommune

Anna Utkilen i Alta kommune tar imot ungdommane som kjem gjennom nålauga, og som får sommarjobb i kommunen.

Foto: Nathália Pimenta / NRK

– Mange av dei er 15 år og møter opp her ein måndags morgon og er klar til sin første arbeidsdag nokosinne. Det er første sommarjobb for mange, seier Utkilen

Ho trur at miljø-, park- og idrettsetaten i kommunen er ein flott plass å starte.

– Vi har varierte oppgåver og dei får lært mykje om alt. Og det viser seg at mange av dei søker på nytt, år etter år.

17 år gamle Magni Klevstad Jakobsen har jobba eit par plassar før ho fekk sommarjobb i kommunen.

Sommerjobb

Magni Klevstad Jakobsen syns det er greitt å jobbe om sommaren, for då har ein meir tid enn elles i året.

Foto: Nathália Pimenta / NRK

– Eg skal jobbe i tre veker, og tenker å sette pengane på sparing. Det er lurt å spare til ein blir eldreog trenger pengane til viktige ting, som til dømes lappen, eller ting ein treng når ein skal flytte ut, seier ho.

Sjå korleis det er å ha sommarjobb i parketaten i videoen øvst i artikkelen.

Sommarvikar? Dette er dine rettar