NRK Meny

Travel natt for politiet

I Kjøllefjord utførte ein mann i 40-åra skadeverk ved ruteknusing og laga bråk på offentleg stad. I Vardø kontakta ei kvinne politiet og opplyste om seksuell trakassering. I Kirkenes hjelpte politiet ein taxisjåfør med ein kunde som hadde sovna i drosja. I Alta laga ein kranglete mann støy utanfor ein utestad og ein annan mann blei teken for å føre motorvogn i rusa tilstand. I Hammerfest blei ein mann i 20-åra pågripen med mindre mengder narkotika i sentrum.

Laster Twitter-innhold