Tiltalt for å ha lasta ned overgrepsvideoar av mindreårige – meiner det var eit uhell

Mannen hevdar overgrepsmaterialet av barn, heilt ned mot 4-års alderen, kan ha hamna på PC-en då han lasta ned TV-seriar.

Aktor Jon Mjellekås

Aktor Jon Mjellekås la fram påstand om åtte månadar fengsel for den tiltalte mannen.

Foto: Màret Eli Buljo / NRK

I dag starta rettssaka til ein mann i 30-åra frå Vest-Finnmark.

Statsadvokatane meiner den tiltalte lasta ned og lagra videoar med framstillingar av seksuelle overgrep mot barn, i tillegg til bilete som framstilte born på ein seksualisert måte.

Bileta skal ha blitt oppbevart på ein brukarkonto på nettskya Dropbox, som mannen hadde tilgang til på arbeid. Ifølge tiltalen skal han også ha oppbevart videomaterial med ei samla speletid på 4 timar, 52 minutt og 41 sekund.

Nedlastingane skal ha skjedd i tidsrommet frå september 2016 til februar 2017. Mannen er ikkje mistenkt for å ha gjort nokon form for overgrep sjølv.

Ifølge aktor Jon Mjellekås blei politiet varsla av den daglege leiaren i firmaet som mannen hadde jobba i.

Sjefen hadde gått igjennom Dropbox-kontoen og gjort funn av bilete som førte til at politiet blei varsla og materialet levert inn.

Erklærer seg ikkje skuldig

Tiltalte forklarte i retten at han er datakyndig og at dersom han hadde lasta ned slikt materiale med vilje, ville han ha kryptert og skjult filene.

Han sa også under avhøyret at han lasta ned eit større program via uTorrent, som er ein nedlastingsmetode på internett. Programmet skal ha «løpt løpsk». Etter dette skal dei ulovlege filene på harddisken ha blitt sletta.

Mannen hevdar vidare at materialet kan ha hamna i Dropbox-kontoen via automatiske oppdateringar, og at filene må ha følgt med etterpå utan at han visste det.

Politiet har henta fram igjen det sletta materialet, og dette var utgangspunkt i tiltalen.

Den tiltalte påpeika i avhøyret at han tek sterk avstand frå overgrep mot barn og at saka har vore til stor belastning.

Forsvarer Håkon Helsvig

Forsvarar Håkon Helsvig la fram påstand om frifinning. Men dersom tiltalte blir funne skyldig, ber han om at formildande omstende blir tekne i betraktning.

Foto: Màret Eli Buljo / NRK

Hadde tårer i auga

Fleire i politiet vitna om innhaldet i videoane og bilda, som blei beslaglagt på den tiltalte sin private MacBook, og på Dropboxen han hadde tilgang til via firmaet han tidlegare jobba i.

Politiet forklarte at majoriteten av filmane som blei funne omhandla barn i alderen frå 4 til 12 år, hovudsakleg jenter, som blant anna hadde seksuell omgang med andre barn, i tillegg til vaksne menn og kvinner.

Alle journalistane som dekka rettssaka gjekk ut frå rettssalen då klipp frå videoane, som framstiller overgrep mot barn ned i 4-års alderen, blei vist.

Etter visinga møtte journalistane ein meddommar med tårer i auga.

Større auke i beslag

Kripos skriv i ein e-post til NRK at det er ei auke i beslag av overgrepsmateriale dei siste åra. Dei erfarer også at databeslag i større grad enn tidlegare inneheld store mengder med videoar.

Aktor har lagt fram påstand om åtte månadar med fengsel. Medan forsvarar har lagt fram påstand om frifinning. Dommen til den tiltalte fell på tysdag i neste veke.