Hopp til innhold

Talkshow-dronninga Ellen DeGeneres har vist «Hvaldimir» til millionar

Den amerikanske talkshow-kjendisen viste videoen av den tamme kvitkvalen som hentar opp igjen ein mobiltelefon frå havbotnen, til vill begeistring frå publikum.

Den amerikanske talkshow-kjendisen viste videoen av den tamme kvitkvalen som hentar opp igjen ein mobiltelefon frå havbotnen, til vill begeistring frå publikum.

– Medan eg var på jobb her om dagen, såg eg ein utruleg video. Ei kvinne mistar telefonen sin med eit uhell i sjøen, og sjå kva som skjer. Dette er ikkje til å tru! seier Ellen DeGeneres før ho viser publikummet filmen.

Kvalen forsvinn ned mot botnen. Etter litt kjem kvalen opp frå djupet med telefonen, og Ina Charlotte Mansika får igjen telefonen ho trudde var borte. Publikummet bryt ut i jubel og applaus.

iFinnmark var fyrst ute med saka.

Ellen DeGeneres har det amerikanske TV-programmet «The Ellen Show». Programmet har over 32 millionar følgjerar på Facebook og mange millionar sjåarar på TV.

Kvalen har den siste tida fått mykje omtale i media, både frå inn- og utland og har no etter programmet nådd endå fleire.

Hvaldimir og dykker i Hammerfest

Fiskeridirektoratet følgjer med på at kvitkvalen får i seg nok mat.

Foto: Gerd Hagen

Farleg å mata kvalen

– På ei side så er det berre positivt, men me er mest opptekne av at kvalen skal ha det bra og ta til seg mat, seier ordførar i Hammerfest kommune, Alf E. Jakobsen.

Likevel kan det vera utfordringar knyta til ein kjendis-kval om turismen aukar. Hammerfest kommune oppfordrar sterkt til at folk ikkje matar kvalen. Dette kan vera farleg for «Hvaldimir», fordi han ikkje fangar mat sjølv.

Organisasjonen Norwegian Orca Survey tek seg av matinga og treng å ha kontroll på kor mykje han et, om maten er hygienisk og forsvarleg.

Hvaldimir og barnehender

Hammerfest kommune fryktar at små barnehender blir oppfatta som leike for «Hvaldimir».

Foto: Hammerfest kommune

Fryktar «Hvaldimir» tek born

I tillegg blir særleg born råda frå å koma for nær han. Mange born er observert medan dei ligg halvvegs ut i vatnet for å ta på kvalen.

– Han er van med å leika med ting, og me veit ikkje om han veit å sjå skilnad på ei leike eller til dømes eit lite born, seier Natur- og miljørådgivar i Hammerfest kommune, Tom Eirik Ness.

«Hvaldimir» veg over eit tonn, og kommunen fryktar at om han tek tak i armen på eit lite born og sym ned til botnen med det, vil det vera nokså umogleg å stoppa han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark