Hopp til innhold

Sydvaranger-tilsette bedne om meir lønskutt

Leiinga ved Sydvaranger Gruve i Kirkenes snur kvar stein for å kutte kostnader. Dei tilsette har nå fått beskjed om at lønskuttet frå i fjor haust kan verte forlenga.

Sydvaranger gruver

PENGETRØBBEL: Jernmalmen som vert skipa ut frå Sydvaranger Gruve har falt dramatisk i pris. Nå går drifta med tap, og dei tilsette må godta lågare løn.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

– Det viktigaste for oss med å godta redusert løn er at vi ønskjer å vere med på at bedrifta skal overleva, seier Henning Bråten, leiar i gruveklubben Nordens Klippe.

I oktober i fjor gjekk både toppleiinga og alle dei tilsette i Sydvaranger Gruve med på eit mellombels lønskutt.

Prisfall

Eit dramatisk fall i jernmalmprisen det siste året har gjort den økonomiske kvardagen til Sydvaranger Gruve svært vanskeleg. Det seks månader lange lønskuttet skulle gi selskapet eit pusterom.

Gruveleiinga har no varsla at det som skulle vere eit mellombels lønnskutt vert forlenga i minst tre nye månader.

Eit slikt lønnskutt må godkjennast av dei ulike klubbane i Sydvaranger.

– Den situasjonen bedrifta er i no er det som opptar folk mest. Det er jo ikkje ein god ting å ha det hengande over seg at ein kanskje ikkje har jobb om eit halvt år, seier Bråten.

Prisen på jernmalm falt kraftig gjennom 2014, og har fortsett å falle i år. I dag ligg prisen på i overkant av 50 dollar per tonn. Sydvaranger Gruve opplyser i sin siste kvartalsrapport at kostnaden per produsert tonn er 64 dollar.

Les også: Sydvaranger Gruve med milliardtap for 2014

Godt samarbeid

Klubbleiar Henning Bråten seier at fagrørsla har forståing for den krevjande situasjonen gruva finn seg i.

– Vi har ein god dialog og eit godt samarbeid med leiinga. Det er klart at vi ikkje er samde om alt, men sånn skal det heller ikkje vere. Ein skaper ikkje nokon framgang om ein er samd om alt. Men vi har ei felles forståing for dei utfordringane bedrifta har, og prøver å løyse dei saman på ein best mogleg måte.

Rundt 40 årsverk er nyleg kutta ved Sydvaranger Gruve. Selskapet har også henta tilbake tenester som tidlegare var sett ut – også kalla insourcing.

Bråten trur ikkje at det som var tenkt som ein mellombels lønsreduksjon kjem til å bli permanente kutt, og har denne beskjeden til dei gruvetilsette:

– Det er at dei skal framleis stå på som dei gjer i dag. Dei gjer ein fantastisk innsats for å få det til å gå rundt. Me produserer meir enn nokon gong til lågare kostnad enn nokon gong. Problema vi møter, dei taklar me.

Les også: Mener gruva roper ulv for å få slippe ut mer kjemikalier
Les også: Fortsatt usikkert for Sydvaranger Gruve