Hopp til innhold

SV vil ta Gamvik-kvoten frå trålarane

SV-leiar Audun Lysbakken vil ha Arbeidarpartiet og Senterpartiet med på ei kursendring i norsk fiskeripolitikk. Endringa skal tvinge havtrålarane til å levere tilbake torskekvotar til Arne Hjeltnes sitt nye fiskemottak i Mehamn.

Audun Lysbakken og Kirsti Bergstø

SV-leiar Audun Lysbakken og nestleiar Kirsti Bergstø ønsker endringar i kvotefordelingane i Finnmark.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Det er heilt naturleg at torskekvotane blir henta frå trålarane, ikkje frå kystfiskarane, seier Lysbakken, som vil ha den såkalla «Hjeltnes-kvoten» inn i regjeringsforhandlingane etter valet.

Fiskeriminister Per Sandberg meiner Lysbakken ikkje «har peiling».

Kven skal gje frå seg fisken?

– Me krev at folket sin rett til fisk skal grunnlovfestast, og me krev ei omfordeling av ressursane til gode for kystflåten. Det kystopprøret som me nå ser i nord, skal me gje ei stemme på Stortinget, og i dei regjeringsforhandlingane som me håper kjem til hausten, seier Lysbakken.

Det har vakt oppsikt at Gamvik kommune får ei ekstra kvote på 3000 tonn fisk, slik at TV-kjendis- og gründer Arne Hjeltnes kan starte opp filetfabrikk i Mehamn.

Gjennom selskapet Finnmark Fisk AS, har Hjeltnes overteke det tidlegare Norway Seafood anlegget, og det er dette anlegget som vil nyte godt av spesialkvoten frå fiskeriministeren.

Mehamn

Den nye fabrikken til Arne Hjeltnes skal liggja i Mehamn.

Foto: NRK

Spørsmålet no er kven som skal gje frå seg 3000 tonn med torsk – havtrålarane eller kystflåten.

Korleis vil dette skje i praksis?

– Dette handlar om å tenke motsett av den måten dagens fiskeriminister tenker, og hente fisken frå der det er naturleg å hente han, nemleg dei kvotane som allereie er meint for industrien i Mehamn, seier Lysbakken.

– Me er ikkje motstandar av industrietablering. Men SV meiner at ei omfordeling av ressursane på kysten er avgjerande for å sikra framtida til kystsamfunnet og kystflåten. Difor er mi utfordring til Støre og Vedum at me går saman om å forplikta oss til at denne fisken ikkje skal hentast frå kystflåten, men frå trålarane.

Provosert fiskeriminister

– Lysbakken har ingen kunnskap og ingen peiling på kva han snakkar om, og diverre så speglar dette også SV i Finnmark, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Han seier at det ikkje finst ei «Hjeltnes-kvote», og at det heller ikkje er bestemt korleis fisken skal fordelast.

Per Sandberg, konst. innvandrings- og integreringsminister

Fiskeriminister Per Sandberg meiner Lysbakken er på villspor.

Foto: Martin Giæver

– Kjære vene. Eg har ikkje gjeve ut fisk nokon plass ennå, dette er ut på høyring. Det som er definitivt er at eg skal bruka 3000 distriktskvotar til å skaffe arbeidsplassar i Finnmark. Viss SV og andre er imot det, så får dei vere det. Men eg håper veljarane merker seg dette, seier Sandberg.

– Det er veldig trist at SV prøver å skapa konflikt når nokon prøver å skapa arbeidsplassar i Finnmark. Det er snakk om mellom tretti og femti arbeidsplassar om ein lukkast. Men eg registrerer at SV vil leggja ned trålflåten, leggja ned turistfiske, og stoppa etablering av arbeidsplassar i Finnmark.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark