NRK Meny
Normal

SV hevdar bommen på E69 til Nordkapp er ulovleg

– Eg veit ikkje om dette er eit arbeidsuhell eller om dei ikkje har følgt reglane. Mykje tydar på at bommen er ulovleg, seier stortingsrepresentanten Arne Nævra (SV).

Nordkapp

HIT, MEN IKKJE LENGER: Denne bommen kan vere ulovleg, meiner Arne Nævra. For å kome vidare må man betale opptil fleire hundre kroner. Kvart år har Nordkapp rundt 260.00 besøkande.

Foto: Allan Klo / NRK

– Europaveg med privat bom er uvanleg. Eg trur samferdselsministeren også blei overraska, seier Arne Nævra.

I ein e-post til NRK, bekreftar Statens vegvesen at den privateigde bommen er sett opp på ein europaveg. Dei finn ingen dokumentasjon på at E69 er nedklassifisert til privat veg frå bommen ved Nordkapp-platået og vidare nordover.

– Eg har personleg bede Ketil Solvik-Olsen om å sjå på dette. Nordkapp er eit segnomspunne symbol som mange turistar har som mål å besøkje. Ein må kunne kome seg dit utan å måtte betale.

No har Nordkapp-bommen hamna på samferdselsministeren sitt bord. På onsdag får SV svar i Stortinget.

– Då reknar eg med å få nokre klare svar. Han blei nok overraska sjølv over at vegen ikkje er klassifisert som privat. Dette er ein europaveg med bom.

Nordkapp

Bomstasjonen litt på avstand. Her må man betale for å passere. Inntektene går til Rica Gruppen.

Foto: Allan Klo / NRK

Meiner dei har lova på si side

Ettersom den ytterste delen av Nordkapp-platået er eit regulert turistområde, meiner assisterande direktør i Scandic Nordkapp, Hans Paul Hansen, at bommen ikkje er i strid med lova.

– Dersom Nordkapp kommune og Statens vegvesen hadde meint at eit tiltak som blei gjort i 1996 er ulovleg, hadde dei reagert for lenge sidan. Det har dei ikkje gjort. Dermed meiner vi at vi har rett til å ta ei avgift for bruken av parkeringa og fasilitetane.

Nævra meiner på si side at mange i Norge set pris på å kunne gå fritt og ha tilgang til utmarka.

– Det er ingen som har noko imot å betale for servicen til eit opplevingssenter eller hotell-området. Men det å ta seg betalt for tilgangen til eit naturområde, det slit SV med, seier Arne Nævra.

Nordkapp

Nordkapp-platået genererer kvart år fleire titals millionar for hotellkjedene Scandic og Rica Eiendom.

Foto: Carl-Gøran Larsson / NRK

Har ikkje følgt opp

Statens vegvesen skriv i e-posten til NRK at området er regulert til privat veg, men dei kan ikkje sjå at dette er følgt opp med eit vedtak etter veglova. Dette er nødvendig for at ein europaveg skal gjerast om til privat veg.

– Det er private interesser som tener på dette. Den beste løysinga er nok å dele litt. For å tene pengar lokalt, kan det takast inngangspengar på opplevingssenter og hotell, seier Nævra.

Nævra håpar bommen blir fjerna og at folk kan kome seg til utmarksområdet på Nordkapp, utan å måtte betale ein aktør som tek betaling for å køyre på offentleg veg.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ønskjer ikkje å kommentere saka til NRK før han har svart SV i Stortinget.