Hopp til innhold

Rydda eitt tonn søppel i skuleferien

Naturen bruker 500 år på å bryte ned plasten i fjæra. For ungdommen i Nesseby tar det ein sommar å rydde opp. Dei bruker skuleferien til å rydda i den ti mil lange kystlinja til kommunen.

Strandrydding i fjæra i Hammernes

RYDDEPATRULJEN I NESSEBY: Arbeidsleder Per Inge Olsen, Eirik Noste (16) og Lars Jakob Muotka (18) i fjæra i Hammernes i Nesseby.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Det er utrulege mengder. Det ser stygt ut, seier Lars Jakob Muotka, som har sommarjobb som strandryddar.

Atten år gamle Muotka trur fiskarane har mykje av skulda for avfallet som reker på land.

– Dei har ikkje tolmod til å ta med søppelet til land og hive det på søppeldynga. Dei ser på det som ei enklare løysing å hive det på havet utan å tenke på kor det ender opp, seier han.

I løpet av sommaren har ungdommane ryddet eitt tonn søppel.

Tretten tenåringar er i år tilsette av Nesseby kommune for å rydde opp i strandkanten. Muotka er glad for at kommunen gir ein sånn jobb til unge i Nesseby, og for arbeidserfaringa det gir unge folk.

– Det er et veldig bra initiativ av kommunen. Ikkje bare på grunn av søppelet som blir plukka opp. Dette er òg ein jobb som ikkje er så vanskeelg for ungdom å gjere, seier han.

Søppel strender

Marin forsøpling er eit problem langs heile kysten. Denne haugen av plast ble funnen på ei strand langs kysten av Troms fylke.

Foto: Bo Eide

Plasten som blir kasta på sjøen er ikkje bare stygg å sjå på, den kan òg innehalde miljøgifter som påvirker livet i havet.

Marin forsøpling er eit aukande problem, og globalt havnar åtte millionar tonn plastavfall i verdshava kvart år, noko som kan true fiskerinæringa.

Dersom ingenting blir gjort er klima- og miljøministeren redd det kan få store negative konsekvenser for Norge som fiskerinasjon.

– Mykje russisk emballasje

Per Inge Olsen er arbeidsleiar for den unge ryddepatruljen i kommunen, og han stortrivst saman med sine unge kollegaer.

– Åh, det er artig!

– Det er sånn at ein gler seg til å dra på jobb. Dei blir slitne og dei blir trøtte, og dei blir sure og grinete, men likevel så er det kjempeartig, seier han.

Olsen tenker òg på korleis alt avfallet i fjæra tar seg ut for turistane som vitjar området om sommaren.

– Det gir ikkje eit pent bilete av kommunen. Spesielt no i turistsesongen så ser det ikkje bra ut.

– Det er jo ikkje bra for dyrelivet heller. Det er på ingen måte bra, seier han.

Blant det dei finn er det mykje plast.

– Det er mykje flasker og emballasje, veldig mykje russisk emballasje. Det er det som går igjen, fortel Olsen.

Til no har ryddepatruljen renska opp i seks av ti mil av fjæra i Nesseby.

– Me rekk nok ikkje alt i år, seier Olsen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark