Støttar hydrogen-prosjekt

Finnmark fylkeskommune har saman med Kirkenes Havn og Vadsø Havn fått støtte frå miljødirektoratet til eit hydrogenprosjekt. Innan 2026 skal all kollektivtransport gå på alternativt drivstoff, og hydrogen kan bli ei viktig brikke for å nå målet. – Me jobbar blant anna med forprosjekt for hydrogendrive hurtigbåt mellom Vadsø og Kirkenes. Det fortel samferdselssjef Per Bjørn Holm-Varsi i Finnmark fylkeskommune.