Hopp til innhold

Storberget skal mekle mellom Finnmark og Troms

Tidlegare justisminister Knut Storberget skal få den fastlåste samanslåingsprosessen på rett kjøl. Partane møtest truleg allereie over helga.

Knut Storberget

Tidlegare justisminister for Arbeidarpartiet, Knut Storberget, skal mekle i den fastlåste striden om samanslåinga mellom Finnmark og Troms.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

– Det blir no opp til Storberget å finne ut korleis han skal jobbe med saka. Eg har tru på han saman med partane finn ei god arbeidsform som gjer at denne saka kjem vidare, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til NRK.

Ho ønskjer ikkje å uttale seg særleg meir om saka i denne omgang. Mæland legg opp til at Storberget og partane frå dei to fylka sjølve finn tonen framover.

– Eg håper denne saka kjem på rett spor og at vi får sett ned ei fellesnemnd. Det er heilt avgjerande for å kome vidare i samanslåingsprosessen, seier ministeren.

Monica Mæland åpner solcelleanlegget hos Asko i Arna

Nybakt kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland har gitt Knut Storberget oppgåva med å få samanslåingsprosessen mellom Troms og Finnmark på rett kjøl.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– To sterke fylkeskommunar

Stortinget bestemte i fjor at Troms og Finnmark skal bli slått saman til éin region, men forhandlingane mellom partane er blitt brotne to gonger. Dei to fylka er mellom anna ueinige om kvar hovudsetet for den nye regionen skal vere.

Knut Storberget seier til NRK at han ser fram til å ta fått på oppgåva regjeringa har gitt han.

– Eg gjer denne jobben på vegner av regjeringa for å få løyst saka. Vi snakkar om to sterke fylkeskommunar med omsyn til areal, med flotte folk både i Troms og Finnmark. Eg håper vi får til ei løysing basert på vedtaket frå Stortinget, altså at vi får ein ny fylkeskommune, forklarer Storberget.

Ønskjer ro

53-åringen seier dette om si eiga rolle som meklar:

– Eg vil først og fremst bidra til at vi kan setje oss ned rundt eit bord og snakka saman om saka. Eg ønskjer at vi får ro rundt samtalane. Vi treng eit godt samarbeidsklima mellom partane, slik at vi kan sjå nokre løysingar som vil gagne dei eksisterande fylkeskommunane – og ikkje minst folka i dei to fylka.

Knut Storberget var justisminister for Arbeidarpartiet mellom 2005 og 2011. Han sat på Stortinget fram til valet i fjor haust.

Ragnhild Vassvik og Willy Ørnebakk

Forhandlingane mellom Finnmark (her ved fylkesordførar Ragnhild Vassvik) og Troms (Willy Ørnebakk, fylkesrådsleiar) har ikkje gått så lett som regjeringa hadde ønskje om. Derfor set dei no inn ein meklar for å få fart på prosessen.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

Møtest neste veke

Før Storberget vart valt inn på Stortinget i 2001 jobba han i mange år som advokat.

– Eg har drive mykje med mekling i min yrkeskarriere, både i juridisk samanheng og i rettslege saker. Eg er oppteken av at det skal gå an å finne løysingar også av politisk art. Eg har jo drive lenge med politikk heilt fram til no, mellom anna med saker i Troms og Finnmark, fortel Storberget til NRK.

Han kjem til å opprette kontakt med begge fylkeskommunane med det aller første. Om alt går etter planen har partane møtt kvarandre allereie i starten av neste veke.