NRK Meny
Normal

Sør-Varanger kommune har inngått forlik med UDI

Sør-Varanger kommune får 4,6 millionar kroner frå UDI.

Kirkenes

Da 5.542 flyktningar og migrantar kom over Storskog i 2015, blei Fjellhallen i Kirkenes sentrum opna opp som transittmottak 5. september. Kommunen og UDI avtalte at førstnemnde skulle drifte transittmottaket, mens UDI skulle betale rekninga.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

I dag møtte Sør-Varanger kommune og Utlendingsdirektoratet (UDI) i Oslo tingrett i eit siste forsøk på å løyse konflikten mellom dei to før saka hamnar i tingretten.

Møtet enda til slutt i eit forlik.

– Det viktigaste for meg er at vi kom fram til ei løysing som sparte kommunen for ein lang og belastandes rettssak. Eg trur ingen ville vore tent med det, seier ordførar Rune Rafaelsen, som no er glad for at ein konflikt som har gått føre seg heile hans ordførarperiode no har fått ein slutt.

Konflikten handla om kven som skal betale for flyktningkrisa i Sør-Varanger, hausten og vinteren 2015. Kommunen sende UDI ei rekning på 17 millionar kroner, men UDI har så langt berre betalt 9 millionar kroner.

I forliket går UDI no med på å betale ytterlegare 4,6 millionar kroner til finnmarkskommunen. Pengane skal ifølge ordførar Rune Rafaelsen vere på konto 8. februar.

– Dei skal gå til å dekke utgifter vi har hatt i samband med situasjonen i 2015, seier Rafaelsen.

Rune Rafaelsen på Storskog

– Eg er veldig letta, seier ordførar i Sør-Varanger kommune, Rune Rafaelsen.

Foto: Ksenia Novikova

UDI sine representantar i møtet ønska ikkje å uttale seg til pressen.

Gjennom det Rafalesen karakteriserer som harde forhandlinger mandag, og samtaler med kommunens advokater kom dei fram til at forlik var den beste løysinga for kommunen.

– Eit forlik er ein avtale der begge partar gir, og opp mot det å ha ein langvarig rettsak gåande for kommunen, så er dette ei god løysing for kommunen, seier han.

Etter den langvarige konflikten med UDI seier Rafaelsen at han vil vere tvilsam til å inngå nye samarbeid med UDI.

– Sør-Varanger kommune vil alltid stille opp nå menneske er i naud, men vi vil vere veldig forsiktig med å involvere UDI når det gjeld avtaler, seier han.