Hopp til innhold

Sola er tilbake: – No kan vi begynne å leve igjen

Dagane i nord blir no lengre og lysare. Det betyr meir søvn og betre liv for dei fleste.

Sola over Tanabrua

Dette biletet av Tanabrua med sola bak tok Frank M. Ingilæ onsdag føremiddag. Ingilæ er både ordførar i Tana og ein ivrig amatørfotograf.

Foto: Frank Martin Ingilæ

– Det var veldig kaldt då eg tok biletet, rundt 30 minusgradar. Men fargane på biletet er så varme. Det er alltid ei glede når sola kjem tilbake i januar.

Det seier Frank M. Ingilæ til NRK om biletet han tok av sola bak Tanabrua onsdag. Ingilæ er mest kjent som ordførar i Tana, men er også ein ivrig amatørfotograf.

Han set truleg ord på det mange føler for tida: Dagane følast lengre ut enn dei var for berre kort tid sidan.

Sola tilbake i Vadsø

Sola er tilbake i Vadsø.

Foto: Instragram: Hobbyphotographer May Softing

– Lettare for dei fleste

Professor emerita ved UiT, Noregs arktiske universitet, Campus Alta, Andi Weydahl, seier det skjer mykje med kropp og sinn når dagane blir lysare.

– Mange ting skjer når du ser sola og får ei kjensle av at alt går lettare. Eitt moment er det som har med hormon å gjere, som kanskje kjem inn i eit meir vanleg system. Men vel så viktig er kanskje kjensle av at no kan vi begynne å leve igjen. Vi kan vere oftare ute og sjå naboen og få frisk luft, fortel Weydahl til NRK.

Andi Weydahl

Professor emerita ved UiT, Noregs arktiske universitet, Campus Alta, Andi Weydahl, meiner det blir lettare å sove når dagane blir lysare.

Foto: Kaspar Fuglesang / NRK

Ho presiserer at det alltids vil vere unntak. Nokre kan bli deprimerte trass i lysare tider.

– Men for dei fleste kjennest alt mykje lettare. Det er mykje herlegare når sola kjem og vi ser at det spirer og gror rundt oss.

Andi Weydahl meiner det ikkje nødvendigvis er slik at ein treng mindre søvn når det blir lysare, men det kjennest slik ut for dei fleste.

– Vi føler at vi treng mindre søvn, fordi det er så mykje artigare å vere ute. Problemet i mørketida er at vi ikkje får sove. Du ligg der og vrir deg. Når det er lyst ute og du har ting å gjere, så tenkjer du ikkje på at du må sove, seier professoren.

Sola bra for døgnrytmen

Nestoren innan norsk d-vitaminforsking, professor emeritus Johan Moan ved Radiumhospitalet i Oslo, har forska på sol og helse i rundt 40 år. Moan meiner sola er avgjerande når det kjem til døgnrytme og humør.

– Sola og dagslyset styrer den biologiske døgnrytmen hos menneske og veldig mange dyr. Når sola og lyset kjem utover våren, er det bra for døgnrytmen, seier Moan til NRK.

Johan Moan

Johan Moen er professor emeritus ved Radiumhospitalet i Oslo. Han anbefaler alle å drikke éi eller to skeier tran fram til i alle fall april-mai. Born kan ta mindre dosar enn vaksne. Sola kan vege opp for inntaket av d-vitamin, men ikkje så tidleg på året.

Foto: Tor Risberg / NRK

Professoren kjenner til fleire som har hevda at det ikkje er noko som heiter mørketidsdepresjon, eller mørketidsnedstemtheit om du vil. Det meiner Johan Moan bestemt kan avvisast.

– Eg har snakka med toppforskarar på verdsbasis som kan bekrefte at mørketidsnedstemtheit eksisterer og er eit fenomen. Dette er meir vanleg blant kvinner enn blant menn. Og det aukar i høve til kva breiddegrad du er på, forklarer Moan.

Sola tilbake i Bergsfjord

Sola er tilbake i Bergsfjord i Loppa.

Foto: Instagram: Evhob

Flere nyheter fra Troms og Finnmark