NRK Meny

Snarleg telefonløysing for Survik

Survik-buar Alfred Sachs som har vore utan telefonsamband i seks veker har nå fått beskjed frå Telenor om at problemet blir teke tak i så fort som råd. Grunna heftig uvêr og fleire stengde vegar i området vil det ikkje vera mogleg å få retta feilen før det verste gjer seg, men Telenor håper det vil vera i orden til helga, det seier pressekontakt i Telenor Norge, Per Aril Meling.