For domenenavnet finnmarkseiendommen.no ble snappa av en bilforhandler foran nesen på Finnmarkseiendommen sjøl for to år sida. Nå må Finnmarkseiendommen satse på at lova er på deres side.
Torvald Falch er seniorrådgjevar i Sametinget. Og Sametinget har den siste tida sjekka lovbøkene for å finne ut om Finnmarkseiedommen kan få namnet sitt tilbake, når dei trer i kraft neste år.
Hadde lova tredd i kraft nokre månader tidlegare, ville Finnmarkseiendommen automatisk fått domenet frå bilforhandlaren. Det skjedde tidlegare med domenenamnet finnmarksloven.no. Men det finnst kanskje smutthol i andre lover.
ANONYM I BYGRENSA: Her er Finnmarksienedommen. Ikkje akkurat land og vatn, men med alle rettar til å forvalte bilsal.
NRK var i dag i kontakt med bilforhandlar Torbjørn Bernhardsen som eig domenet. Han ville ikkje la seg intervjue på radio, men seier at han ikkje stressar noko med saka og har eigne planar for bruk av nettadressa.Torvald Falch i Sametinget hadde helst sett at finnmarkseiendommen hadde namnet sjølv. Falch vil ikkje spekulere i kvifor bilforhandlaren ikkje vil gje i frå seg domenet. Men han trur saka vil løyse seg og at finnmarkseiendommen.no hamne på rette hender igjen.