NRK Meny

Skal ha drapstrua loddselgar

Ein mann i 40-åra må møte i Indre-Finnmark tingrett, tiltalt for å ha drapstrua ein loddselgar på Torgsenteret i Porsanger i mars i år. Det skriv iFinnmark. Mannen skal ha ropt mot kundar og besøkande, og er tiltalt for å ha forstyrra den alminnelege fred og orden. Han er også tiltalt for å ha køyrt bil i rusa tilstand og utan gyldig førarkort.