Hopp til innhold

Sjøen kokte av springarar

– Det må ha vore mange tusen av dei, seier fiskar Kim André Hansen etter møtet med kvitnosar i Kjøllefjord i Finnmark.

Kim Andre Hansen var ombord i båt, på vei inn til Kjøllefjord, da det kokte av niser i vannet.

- Vi var ute onsdags morgon i 6-tida, og allereie i 7-tida såg vi dei overalt, fortel fiskar Kim André Hansen.

Kim André Hansen frå Kjøllefjord var ute og fiska med far sin, då dei måtte la garnet ligge og ta mobilkameraet fram. Sjøen kokte av kvitnos, eller springarar, som den òg er kjent som.

Det vi opplevde i går, det var ekstremt. Far min er 60 år gammal og har fiska sidan han var guttunge. Han har aldri opplevd liknande, fortel Hansen, som sjølv har fiska i 13 år.

Dei to fiskarane frå Kjøllefjord kunne sjå på ekkoloddet at fisken rømte då springaren kom.

– Springaren er den verste fienden til torsken.Torsken reagerer på springaren som du ville rømt frå ein mann med kniv, fortel han til NRKs reporter.

Kim André Hansen

Kim André Hansen frå Kjøllefjord var ute og fiska torsk med far sin då han filma springarane.

Foto: Privat

Då dei kom tilbake til land kom dei i prat med ein annan fiskar som hadde opplevd akkurat det same.

– Men han hadde fiska seks nautiske mil lenger aust frå der vi låg. Det var heilt tett mellom dei. Det må ha vore fleire tusen, trur Hansen.

Det var ei spektakulær oppleving, men ei oppleving han kanskje ikkje ønsker å ha for ofte.

– Dei er fine dyr, så det er synd vi må mislike dei. Men vi skal jo tene pengar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark