Hopp til innhold

Ryddar opp i mobbeproblematikken

I Hammerfest har kommunen tatt grep for å få bukt med mobbinga i skulen. Som ein av dei første i landet har Hammerfest tilsett ein trivselskontakt.

Trivselskontakt, Hammerfest kommune

JOBBAR MOT MOBBING: Elevrådsleiar ved Fjordtun skule, Ingrid Pedersen Bjørgve (t.v.) og rektor Are Antonsen får no hjelp av trivselskoordinator Ann Kristin Kjemsaas til å nedkjempe mobbing på skulen.

Foto: Allan Klo / NRK

På Fjordtun skule i Hammerfest har mobbing tidlegare vore eit stort problem. Hendingar i skulegarden har bidratt til at kommunen har oppretta ei stilling som trivselskoordinator, som tar tak i problema – før dei oppstår.

– Eg har som oppgåve å drive utviklingsarbeid for å førebyggje mobbing. Eg vil sikre eit læringsmiljø som inkluderer alle elevane, seier trivselskontakt Ann Kristin Kjemsaas.

Denne veka gjekk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre og Trond Giske, ut med sin nye antimobbeplan, og lova alle kommunar beredskapsteam som skal hjelpe skular med mobbeproblem. I Hammerfest er dette allereie innført.

Ordninga har vart i fem månader, og for Fjordtun skule har ein slik ressurs vore verdifullt i antimobbe-arbeidet. Trivselskontakten rykker inn når elevar opplev at dei ikkje har eit godt psykososialt miljø. Det set skuleleiinga pris på, fortel rektor Are Antonsen.

– Mange saker kan vere kompliserte. Ann Kristin sitter på mykje kompetanse som kan hjelpe oss å få til gode dagar for alle ungane. Ho møter føresett med respekt, tar oss på alvor, seier Antonsen.

Han seier skulen har blitt mykje betre på korleis dei møter mobbeutfordringar.

– Vi har tildlegare gjort mykje som vi ikkje er så fornøyde med no. Men no har vi lært og håper at det vil bety mykje for ungane her på skulen, seier han.

Må bli tatt på alvor

Rektor, trivselskontakt og elevrådsleiar utgjer saman eit samarbeidande trekløver, med eit felles mål – å få slutt på mobbing.

Dei eldste skuleelevane har latt seg engasjere, og ønsker å bidra til eit betre miljø i skulegarden.

– Vi har no sett i gang eit prosjekt som heiter Trivselsagentar, fortel elevrådsleiar Ingrid Pedersen Bjørgve.

– Det handlar om at elevar på storskulen skal gå ned til elevar i småskulen i eit friminutta i veka. Dei skal leke med dei, sørge for at dei har det bra og at dei ikkje sit aleine, seier Pedersen Bjørgve.

I tillegg til elevengasjementet merker koordinatoren at foreldra òg tar tenesta i bruk. Ho får meldingar frå foreldre som vil ha hjelp til å vareta barnet deira i skulen.

– Det er det som er viktig at dette må bli tatt på alvor. Foreldra skal kunne sende barna til skulen utan å ha vondt i magen på førehand, seier Kjemsaas.