NRK Meny
Normal

Russland utviser asylsøkjarar – tvingar Noreg til å ta imot

Norsk politi stadfestar no at Russland utviser asylsøkjarar for å hindre at Noreg sender dei tilbake over grensa i Finnmark

Pulje med flyktninger på Storskog grensestasjon, Sør-Varanger

Russland har starta å utvise borgarar som seinare søkjer asyl i Noreg. Det gjer det vanskeleg for norske myndigheiter å sende dei attende til Russland.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Politiets utlendingsenhet har den siste tida fått tak i fleire utvisningsvedtak, gjort i fleire rettsinstansar i Moskva.

Mindre enn eitt døgn etter at vedtaket er fatta, er personen reist frå den russiske hovudstaden til Storskog.

Det er tydeleg at Russland ønskjer å kvitte seg med uønskte personar, seier politiet.

Syriske flyktninger

Politioverbetjent Tor Espen Haga i Politiets utlendingsenhet.

Foto: Tarjei Abelsen/NRK

– På bakgrunn av desse dokumenta kan det sjå ut som at Russland utviser ein rekkje nasjonalitetar, ikkje berre syrarar, og sender dei nordover over grensa på Storskog, seier politioverbetjent Tor Espen Haga i Politiets utlendingsenhet.

Ulik praksis i Finland og Noreg

Til no i år har meir enn 1.500 personar kryssa grensa frå Russland og bede om asyl i Noreg.

NRK kunne tysdag melde at Russland ikkje krev at personar som skal reise over grensa til Noreg har Schengen-visum.

Dette er ein endra praksis frå tidlegare, og skil seg ut frå praksisen ved den finsk-russiske grensa.

Ei nær umogleg oppgåve

Denne veka kom justisminister Anders Anundsen (Frp) med klar beskjed om at asylsøkjarar med russisk opphaldsløyve skal returnerast over grensa.

Men no når Russland utviser personane fyrst, blir dette så å seie umogleg.

Politimester Ellen Katrine Hætta i Øst-Finnmark politidistrikt.

Ellen Katrine Hætta, politimeister Østfinnmark politidistrikt.

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

– Dette viser med all tydelegheit at dei som kjem over grensa på Storskog ikkje er ønskja av Russland. Russland ønskjer altså å sende desse personane bort frå eiga territorium, seier Ellen Katrine Hætta, politimeister i Østfinnmark politidistrikt.

– Mi erfaring med Russland er at når dei har bestemt seg for at nokon ikkje er ønskja på deira territorium, kjem ein ikkje inn i Russland, seier Hætta.

– Situasjonen er dramatisk

Tidlegare leiar av Barentssekretariatet i Kirkenes og påtroppande ordførar i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen, meiner situasjonen på grensa er dramatisk.

Rune Rafaelsen

Rune Rafaelsen, tidlegare leiar i Barentssekretariatet.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Slik situasjonen har utvikla seg må Noreg vurdere å ta eit fastare grep på det som skjer på grensa. Eg vil ikkje seie at vi skal stenge grensa. Men denne situasjonen kan ikkje utvikle seg. Det viktigaste av alt er at Noreg så raskt som råd får til dialog med russiske myndigheiter. Truleg må Børge Brende så raskt som råd reise til Moskva, seier han og legg til:

– Det viktigaste i norsk utanrikspolitikk er å få til føreseielege tilhøve på grensa til Russland, seier Rafaelsen.

Slik ser utvisningsvedtaket ut for flyktnignene som kommer fra Russland til Norge

Slik ser utvisningsvedtaket ut for flyktnignene som kommer fra Russland til Norge

Foto: Silja Arvola