Hopp til innhold

Russland si åtvaring skremmer: – Ein føler seg ikkje like trygg

Åtvaringa frå Russland mot radaren i Vardø skremmer dei lokale.

Globus 2, vardø

GLOBUS II: – Det er all grunn til å tru at radaren vil overvaka Russland sitt territorium og bli ein del av USA sitt globale missilforsvarsnettverk, sa talsperson i det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova.

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

– Eg tenkjer det er litt skummelt. Slik verdsbiletet er no føler ein seg ikkje like trygg som for nokre år sidan, seier Vegard Bangsund, som bur i Vardø.

På onsdag melde russiske myndigheiter i ei presseorientering at dei kjem med ei gjengjelding dersom Globus II-radaren i Vardø blir oppgradert.

NRK har tidlegare omtalt amerikanske familiar som har busett seg i Vardø for å oppgradera ein etterretningsradar.

– Det er all grunn til å tru at radaren vil overvaka Russland sitt territorium og bli ein del av USA sitt globale missilforsvarsnettverk, sa Maria Zakharova, talsperson i det russiske utanriksdepartementet.

Vardø er berre 28 kilometer frå Russland, og nærme dei viktigaste militære anlegga i landet på Kolahalvøya. Russland har minst to gonger simulert flyangrep mot radaranlegga i Vardø.

Det blei også varsla i presseorienteringa at Russland ikkje vil la vera å svara på «militære førebuingar», like ved landet si grense.

Vegard Bangsund

SKUMMELT: Vegard Bangsund synest det er skummelt at Russland lovar gjengjelding dersom radaren blir oppgradert.

Foto: Jan-Harald Tomassen

Den russiske ambassaden i Noreg la ut eit Facebook-innlegg på fredag. Her skriv dei at norske tenestemenn unngår å forklara formåla med ein oppgradert radar i Vardø.

– Dei avgrensar seg til fråsegner som at «det ikkje er generelt retta mot Russland», står det i innlegget.

Ambassaden minner om at radaren ligg berre 50 kilometer frå landet deira.

Difor meiner Russland i dette tilfellet at det er all grunn til å tru at radaren vil overvaka territoriet deira og bli ein del av det amerikanske missilforsvaret.

Frank Bakke-Jensen på kontoret sitt i Forsvarsdepartementet

AVKREFTAR: – Systemet har aldri vore ein del av det amerikanske eller Nato sitt missilforsvarssystem. Oppgraderinga av systemet vil ikkje endra på dette, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Oppdatering vil ikkje endra noko

– Radaren blir brukt til to ting. Det eine er luftovervaking på flytrafikk. Det andre er å overvaka og kategorisera objekt i rommet. Det er altså noko heilt anna enn eit radarsystem for eit missilforsvar.

Han fortel at Russland sine mistankar ikkje stemmer.

– Systemet har aldri vore ein del av det amerikanske eller Nato sitt missilforsvarssystem. Oppgraderinga av systemet vil ikkje endra på dette.

Bjørnar Moxnes, Rødt

VIKTIG MED RADAR: Bjørnar Moxnes i Raudt meiner det er viktig at Noreg har radarar og driv etterretning over for Russland for å sikra tryggleiken til Noreg.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Bjørnar Moxnes i Raudt meiner det er viktig at Noreg har radarar og driv etterretning over for Russland for å sikra tryggleiken til Noreg.

– Men dersom etterretningsverksemd på norsk jord skjer på USA sine premiss utan demokratisk kontroll, så risikerer me å bli dregne inn i ei stormaktskonflikt, som me berre kan tapa på.

– Solberg-regjeringa burde informera Stortinget om kva USA bruker radaren til, slik at me kan ta stilling til om det tener Noreg eller ikkje.

Radarsystemet i Vardø, globus, lytterstasjon

NÆRME RUSSLAND: Vardø er berre 28 kilometer frå Russland, og nærme dei viktigaste militære anlegga i landet på Kolahalvøya.

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

Føler seg ikkje sikker

Sjølv om Vegard Bangsund frå Vardø synest det er skummelt med ei slik åtvaring frå Russland, kan han forstå kvifor Russland reagerer som dei gjer.

– Eg skjønar at det irriterer russarane at det blir sett ut soldatar. Dei vil jo ikkje ha Kolahalvøya omringa av Nato.

Han fortel om si oppleving av russarane og at dei ikkje blir opplevd som den store, stygge ulven i Vardø.

– Sidan me bur så tett på russarane som me gjer, så vel eg å tru at dei verken vil ta livet av eller invadera oss. Me har samarbeida mykje med dei opp gjennom åra. Russarane er folk som oss, og vil sjølvsagt ikkje ha provokasjonar mot landet sitt.

Likevel kan det vera vanskeleg å ha ei slik åtvaring hengande over seg.

– Eg har ikkje teke inn over meg åtvaringa sånn ordentleg endå. Det er klart at det ikkje er greitt å bu her når du ikkje føler deg sikker. Me får satsa på at det ikkje blir noko konfrontasjon.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark