Hopp til innhold

Det blir fleire overraskingsøvingar frå Russland i framtida

For tida er den største russiske marineøvinga på ti år i gang, tett opp mot norskegrensa og Barentshavet. – Slike øvingar vil vi sjå fleire av framover, seier Russland-ekspertar.

Russisk militærøvelse i Barentshavet

– Er det alvor denne gongen eller berre ei ny øving? Når ein ikkje veit, skapar det usikkerheit. Det er ikkje bra, seier Ståle Ulriksen.

Foto: Den russiske nordflåten

Denne veka segla 36 russiske krigsskip ut i Barentshavet, ikkje så langt frå norskegrensa. Denne overraskingsøvinga er den største samlinga av russiske skip i Barentshavet dei siste ti åra.

– Det spesielle med dette er at Russland køyrer ei stor alarmøving utan å varsle. Dette skapar usikkerheit. Vi i vesten registrerer eit titals skip utan å vite kvar dei skal, seier Ståle Ulriksen, høgskulelektor ved Sjøkrigsskolen.

Ståle Ulriksen

Ståle Ulriksen er høgskulelektor ved Sjøkrigsskolen i Bergen.

Foto: Nupi

Kan føre til problem

Russland har full rett til å gjennomføre ei slik øving, seier han.

– Men dei har også fullt ansvar for at ingen blir skada. Når ingen blir varsla kan det oppstå situasjonar der ein mister kontrollen.

Dersom det er fleire enn 13.000 soldatar med på øving, må den varslast. Observatørar må også bli inviterte med.

– Øvinga i Barentshavet er mindre, men det er likevel ein god tone å varsle, seier Ulriksen.

Russisk øvelse i Barentshavet

I øvinga i Barentshavet er det også med skip som blir brukt til å flytte landstyrkar. Noko som er uvanleg.

Foto: Den russiske nordflåten

Vil skape internasjonal spenning

Thomas Nilsen har jobba med spørsmål tilknytt Russland i ei årrekkje. Han seier dei viser musklar med å sende ut nesten alt dei har av overflatefartøy i Barentshavet. Russland har også hatt større øvingar i Stillehavet og i Baltiske område.

– Dei er ikkje pliktige til å varsle, men det er brot på godt naboskap å fyre av garde ei stor øving så tett opptil norsk farvatn. Men dette er trenden vi er inne i no.

Nilsen legg til at det ikkje er fare for konflikt, men at den politiske situasjonen er spent for tida. Den auka militære spenninga mellom aust og vest gir utslag i det nordlege Norskehavet.

– Den politiske situasjonen er urovekkande. Ein snakkar lite saman og set i gong store militære øvingar utan å varsle kvarandre, seier Nilsen.

Thomas Nilsen

Thomas Nilsen er redaktør for nettidsskriftet The Independent Barents Observer.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Russland rustar opp, men det gjer også Nato

Øvingane er ikkje først og fremst retta mot Norge, seier Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskulen.

– Dei aller viktigaste våpensystema, dei strategiske ubåtane til Russland, ligg i nord. Dei nyaste har kanskje 160 atombomber om bord. Desse brukar Russland først og fremst som avskrekking i forhold til USA og andre atommakter, seier Ulriksen.

For å beskytte ubåtane har dei etablert det ein kallar for eit bastionforsvarskonsept. Dei forsøker å nekte andre fiendtlege fartøy å segle inn i området.

– Det Russland øver på i nord er å sperre av eit område, då spesielt retta mot amerikanske ubåtar.

NRK har vore i kontakt med den russiske ambassaden, som ikkje kunne kommentere saka.

Til hausten skal også Nato ha ei stor øving. Denne blir gjennomført først og fremst i Sør-Norge med over 70 skip og rundt 35 000 mann.

Russisk militærøvelse i Barentshavet

Når ein har alarmøving veit ikkje dei som skal vere med noko på førehand. Dei får beskjed om å vere der og der på veldig kort tid. Dette er for å teste kor raskt styrkene klarar å snu seg rundt, seier Ståle Ulriksen.

Foto: Den russiske nordflåten