NRK Meny
Normal

Reinsdyr angripen av hundar

– Det var eit skrekkeleg syn. Dyret såg veldig skadd ut, og hadde blod på bakparten, ifølge vitne på staden.

Hundeangrep på rein

Ifølge hundeloven kan ein reineigar avlive dersom ein hund som går til åtak på dyra deira.

Foto: Allan Klo/NRK / NRK

– Reinsdyret var blodig, og prøvde å forsvara seg mot åtaket. Me stoppa og gjekk ut av bilen for å prøve å jage vekk hundane, seier Allan Klo.

Klo er journalist i NRK Finnmark, og var på veg mot Hammerfest då han blei vitne til at eit reinsdyr blei angripe av tre hundar. Klo stoppa bilen, og prøvde å hjelpa reinsdyret.

Meld til politiet

Åtaket gjekk føre seg i fleire minutt, og reinsdyret prøvde å forsvara seg med geviret, fortel Klo.

– Me gjekk ut av bilen og prøvde å skremma vekk hundane. To av dei sprang vekk, medan den tredje, som verka mest aggressiv, blei ståande og sjå på reinsdyret og deretter på oss.

Til slutt forsvann også den siste hunden, og reinsdyret stod att. Det stod oppreist, men flytta ikkje på seg seier Klo, som ikkje kan seie noko om omfanget av skade, forutan at det var eit blodig syn. Han melde saka til politiet.

Brot på bandtvangsreglane

– Me fekk melding om åtaket like før halv ti torsdag formiddag. Partane i saka er varsla, seier operasjonsleiar i Vestfinnmark politidistrikt, Gunnar Øvergaard.

– Frå 1. april til 20. august er det bandtvang, og dette er brot på desse reglane. Me vil følga opp saka vidare fredag, og kan ikkje seie meir enn det.

Ifølge hundeloven kan ein reineigar avlive dersom ein hund som går til åtak på dyra deira.

NRK har vore i kontakt med reineigar, som ikkje vil uttale seg i saka.